Hopp til innhold

Ferjerevolusjon kan gje pengesmell langs heile norskekysten

LAVIK/OPPEDAL (NRK): Dei neste ti åra skal nesten kvar einaste ferje i Norge bli miljøvennleg. Utsleppa vil stupe, men kystfylka kan ende opp med store utgifter.

Stavanger i Lavik

HALVELEKTRISK: MF «Stavanger» mellom Lavik og Oppedal er ei halvelektrisk ferje.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– I verste fall fryktar vi at dette vil gå ut over tenestetilbodet til innbyggjarane våre. Det trur eg ikkje det er nokon som ønskjer, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp).

Fram til 2025 skal heile ferjeflåten i Sogn og Fjordane verte skifta ut med nye, fornybare ferjer. Hordaland er allereie godt i gang med same skiftet, og Nordland og Møre og Romsdal vil følgje etter.

– Og der ser vi at det kostar mykje pengar for det offentlege. Det er mellom anna fylket som må ta rekninga for å byggje ut ferjekaiene, seier Følling.

Ho talar då om ferjer på dei fylkeskommunale vegane, og det er desse som utgjer den største delen av norske ferjer.

Det skal byggjast ladestasjonar slik at ferjene kan lade medan bilane køyrer ombord, og ein må strekkje nye kraftlinjer ned til kaiene. I følgje fleire fylkesordførarar kan det bety utgifter på fleire titals millionar for fylka det gjeld.

MF Stavanger ved ferjekaia i Lavik

KOSTAR PENGAR: Elektriske ferjer kostar pengar, og det er også dyrt å byggje om ferjekaiene slik at ferjene kan lade medan bilane køyrer om bord.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

SV vil kome fylka til unnsetning

Sosialistisk Venstreparti tykkjer staten burde bruke mykje meir pengar til å hjelpe fylka med å skifta ut ferjeflåten.

– I våre alternative statsbudsjett brukar vi 700 millionar meir enn regjeringa på offentlege tilskot som gjer at jobben blir lettare for dei fylka som er flinke til å ta gode miljøval, seier stortingsrepresentant frå Buskerud Arne Nævra.

Men SV vil gå endå lenger, dei vil ha ei eiga belønningsordning for fylke som satsar på elektriske ferjer.

– Det er jo fantastisk at vi no får eit grønt skifte langs kysten vår, då må vi ikkje straffe dei som satsar miljøvenleg, seier Nævra.

Samferdselsministeren på Oslo Sentralstasjon.

GIR NOK: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner dei har gitt nok pengar til elektrifisering av ferjeflåten.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Ketil Solvik-Olsen: – Også fylka må bidra

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) seier at staten bidrar med mykje pengar for å hjelpe til med elektrifisering, men at dei ikkje kan betale alt.

– I valkampen pratar ein om at ein vil vere i front og bidra til det grøne skiftet, då må ein også vere villige til å prioritere det. Då må alle vere med å bidra, også fylka.

Solvik-Olsen fortel at staten allereie har bidrege med fleire hundre millionar kroner i samband med elektrifisering av ferjer.

– Men det kostar pengar å gå over til el-ferjer, og også fylka må vere budde på å ta si del av rekninga.

Fylkesordførar Jenny Følling er ikkje heilt nøgd med signala frå statsråden.

– I verste fall fryktar vi utgifter på fleire titals millionar for fylkeskommunen. At vi får kompensert desse utgiftene vil vere eit krav for oss, og det er ei sak eg trur alle fylka langs kysten vil stille seg bak.