Det vart full stopp midtfjords for passasjerane på 19.45-ferja frå Lote. Skipper ombord var Tor Astheim. Han seier at dei var fullstendig utan motorkraft, og er glad det var stilt på fjorden når uhellet først var ute. For om det hadde vore vind måtte dei ha sleppt ankeret. Men i staden vart ferja mellom Isane og Stårheim teken ut av rutetrafikk for å kome inn fjorden og slepe MF Selje til land.
Ikkje dramatisk
Litt etter klokka ti, over to timar etter skjema, vart rutebuss, trailarar og dei kring 25 passasjerane sette i land på Anda. Noko teikn til dramatikk eller panikk var det ikkje ombord, seier skipperen.
I dag, tysdag, vil det bli sett inn ekstraferjer og trafikken vil gå som normalt både på Anda-Lote og Isane-Stårheim.