Hopp til innhold

Ferja over Anda-Lote sto stille heile føremiddagen

Ferja er no i rute igjen, etter at ho hadde motorstopp i éin og ein halv time.

Liten storm Lote ferjekai

MOTORSTOPP: Ferja er innstilt på ubestemt tid, medan mannskapet prøver å finne ut kva som er feil.

Foto: Vidar Isene

MF Årdal, som går i rute mellom Anda og Lote, fekk motorstopp om lag klokka ni i dag. Men klokka 10.30 var ferja tilbake i rute.

Kapteinen på ferja, Øystein Vereide, snakka med NRK litt over klokka 9.

– Vi har fått motorstopp, og prøver å feilsøke slik at vi kan finne ut kva som er gale. Men vi har ikkje funne feilen enno, sa kapteinen då.

Litt over klokka 10 var ferja ute på fjorden for å teste motorane, men mannskap på ferja sa då til NRK at det framleis var usikkert når ferja kunne vere tilbake i rute.

Andre ferjer vart ikkje kalla inn for å avløyse MF Årdal medan den sto stille.