I fjor sommar avbraut politiet eit par i full gang med eit samleie i kyrkjeparken i Florø. Handlinga skjedde i 6-tida om kvelden, og var godt synleg frå vegen og frå bustader i nærleiken. No har retten vurdert dette som "krenkende eller uanstendig adferd".
Provosert av politiet
Kyrkjeparken i Florø eignar seg dårleg for sex, meiner Fjordane tingrett. Arkivfoto Arild Nybø NRK.
Paret hadde tidlegare på ettermiddagen tilkalt politiet for å ta hand om ein svirebror som kollapsa. I tillegg til å ta seg av denne mannen, tømde politiet ut resten av drikkevarane til paret. Dette provoserte den no dømde mannen, som svarte politiet med at då fekk han og venninna gå i parken og ha sex.
Mange lovbrot
Trass klare advarslar frå politiet gjennomførte paret dette, og no har Fjordane tingrett sagt sitt om saka.
I tillegg til frilufts-sexen, er mannen i 20-åra dømd for ei rekkje lovbrot til fengsel i fem månader.
Han har også fått kjøp og bruk av amfetamin og hasj på rullebladet sitt. I tillegg er han dømd for å ha knust ei flaske i hovudet på ein annan person, og for at han stal ein bil og køyrde i rusa tilstand.
Også kvinna må sone
Kvinna som var med på sexen i kyrkjeparken, har tidlegare møtt i retten. Ho vart dømd til fengsel i 45 dagar - men også ho hadde fleire tilhøve å sone for.