Det var på ei synfaring i ein odelssak at begeret vart fullt for mannen som hadde jobba i fleire år som dreng på garden. Mannen, som er 38 år, hadde fått skøyte på garden, men så reiste ein som hadde odel på garden sak. Då rettsmøtet tok til møtte ikkje 38-åringen. Men då det var synfaring same dag kom han køyrande i full fart mot advokaten til saksøkjaren, som måtte kaste seg til side for å unngå å bli påkøyrd.
Var rasande
38- åringen var rasande då han stogga traktoren, og kasta saksøkjaren og systera hans ut av huset. Deretter truga han advokaten med to vedkubbar. Advokaten fekk skubba han unna og fjerna seg eit stykke. Dette fekk dommarfullmektigen, som leia synfaringa til å kontakte lensmannen - for 38-åringen gav seg ikkje.
Etter å ha funne eit kubein, gjekk han mot dommarfullmektigen. Han har forklart at tiltalte var vill i blikket, og at han var alvorleg redd for at han skulle få skallen slått inn. Då dommarfullmektigen kom seg unna, gjekk den dømde på ny mot advokaten med kubeinet heva.
Visste kven dei var
38-åringen hadde tidlegare vore i kontakt både med advokaten og dommarfullmektigen, og visste kven dei var. Retten meiner også det er naudsynt å reagere strengt fordi det var svært alvorlege trugsmål 38-åringen kom med. Aktor la ned påstand om fem månadar i fengsel. men retten legg også vekt på at tiltalte var fortvila over at garden kunne hamne i andre hender, og kom fram til at fire månader i fengsel er passeleg.