Ei julinatt i fjor stal mannen ein bil i Olden. Planen var å køyre til Bergen. På turen passerte han ein trafikkontroll i Jølster – denne dura han rett gjennom utan å stanse. Like før Førde prøvde ein ny politipatrulje å stoppe mannen, men han gav full gass og ein av betjentane måtte kaste seg til side for å unngå å bli påkøyrd.
Stor fart – utan lys
Politipatruljen fylgde etter og nådde att mannen på Sande, men då tok han av mot Viksdalen. Der prøvde han å rygge på politibilen, deretter køyrde han ut på eit jorde og kom seg inn att på vegen og sette kursen mot Vadheim.
Politibetjentane fann det uforsvarleg å fylgje etter han, men møtte han litt seinare på veg nordover att, i stor fart og utan lys på bilen. Han kom seg tilbake til Stryn utan at politiet fekk tak i han. Men dagen etter vart han attkjend av ein av politibetjentane på ein bensinstasjon i Førde.
Drapstrugsmål
I november i fjor sette den same mannen seg kraftig til motverje då tre politibetjentar ville pågripe han i Bergen. Han sparka mot betjentane, og kom med drapstrugsmål mot dei.
Mannen er òg dømd for vald mot ein mann i Stryn. Denne hadde meldt eit tjuveri av lommebok og mobiltelefon til politiet, og den dømde prøvde å truge han til å trekkje denne politimeldinga.
I tillegg til alt dette viste det seg at mannen hadde ei hagle utan våpenløyve. Den blir inndregen. Og mannen må altså sone sju månader i fengsel.