Vi har prøvt å få til ei spreiing både i alder, bakgrunn, geografi, utdanning og medierøynsle. Det dei har sams er draumen om å bli journalistar og eit sterkt språkleg medvit om at nynorsk er språket deira. Berre ein av dei har medieutdanning frå før, dei andre har litt medierøynsle frå studentradio, aviser, blad og skuleverk.
Kven er dei?
Eli Bjelland
23 år frå Stord. Den einaste av praktikantane med medieutdanning. Nett ferdig med 2-årig journalistikkstudium ved høgskulen i Bodø, der ho skreiv semesteroppgåve om: "Svertedauden" - om nynorskjournalistar iført tvangstrøyer i riksavisene". Ynskjer å bli betre "nynorsking" i journalistikken. Har studert historie og gått TV/film/video-lina ved Møre folkehøgskule.
Svein Ove Hansli
27 år, frå Vinje/Oslo. Cand.mag med faga historie, kristendom og idrett. Var med på å dra i gang ekstremsportbladet "Fri flyt" i Bergen. Har hatt sommarjobbar/jobbar som organist, lærarassistent, butikkmedarbeidar, seljar, alpintrenar og han har arbeidd i barnevernet.
Maria Rivedal
22 år, frå Oslo/Bergen. Flytta frå Sunnfjord 5 år gamal, vaks opp i Holmenkollåsen. Var tospråkleg som barn/ungdom. Budde tre år i Sveits og bestemte seg då for at heretter var nynorsk hennar norsk. Har studert islandsk språk og litteratur, spansk og Latinamerikastudium. Var medprogramleiar i barne- og ungdomsprogrammet ABRS i NRK P3 då ho var jentunge. Jobba i studentradioen i Bergen 2002-2004.
Inger Johanne Sæterbakk
22 år, frå Orkanger/Oslo. Flytta frå Bodø 4 år gamal, oppvaksen i Trøndelag. Snakkar nordlending og gjekk over til nynorsk hovudmål på Orkdal vidaregåande skule. Studert etnologi og folkloristikk, nordisk språk og litteratur og færøyisk. Ho er redaktør for "Motmæle", medlemsavisa til Norsk Målungdom. Har gått teaterlina på Romerike folkehøgskule.
Knut Åge Teigen
34 år, frå Årdal/Oslo. Cand. Mag med faga statsvitenskap, historie, engelsk, religionsvitskap praktisk-pedagogisk utdanning og spes.ped. Har vore lærar ved Ringstadbekk skule i Bærum, kjend for alternativ pedagogikk, mellom anna i sidemålsopplæringa. Har vore medforfattar til lærebøker, fagleg konsulent for undervisningsavd i NRK, osv . Draumen har vore å bli journalist når han fekk "tid"