– Eg er veldig fornøgd med at mediesenteret har rekruttert 200 nynorskpraktikantar dei siste 20 åra, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.
Nyleg fekk ho besøk av praktikantane frå NRK Nynorsk mediesenter, og då nytta ho anledninga til å overraske dei med ei kake med teksten «Nynorskpraktikant nr. 200».
Haugen var opptatt av at praktikantane spelar ei viktig rolle for allmennkringkastaren.
– Praktikantane gjer ein svært viktig jobb, både for å løfte og berike språket i NRK, men også fordi dei tilfører eit nytt blikk og ny kompetanse, seier ho.
– Det kjennest stort, men eg er klar for å slå eit slag for nynorsken, seier nynorskpraktikant Laurita Fure Briceno.
Fin markering på kontoret
NRK Nynorsk mediesenter kom i gang med det første kullet ved NRK-kontoret i Førde i 2004. Det var Magni Øvrebotten som var den første leiaren ved senteret.
Sidan den gongen har mediesenteret lært opp ti nynorskpraktikantar i året. Mellom desse er kjende ansikt som Katrine Nybø, Arianrhod Engebø, Roger Sevrin Bruland, Vegard Tjørhom, Hilde Zahl og Vidar Eidhammer – berre for å nemne nokre få.
No har nynorskpraktikant nummer 200 fått opplæringa si, og det vart ei fin markering av milepælen på kontoret til kringkastingssjefen.
– Vi er stolte av at vi har lært opp så mange dugande journalistar, og trur at mediesenteret har spelt ei viktig rolle for språket vårt. Både gjennom arbeidet til praktikantane i NRK, men og ved at mange har fått jobb i mediebransjen elles, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu ved NRK Nynorsk mediesenter.
– Bidrar positivt i redaksjonane
Praktikantane besøkte kringkastingssjefen i samband med ein halvårleg tur til Marienlyst, der dei får omvising og orientering om andre avdelingar i NRK.
Turen markerer og at kullet er ferdig med den grunnleggande opplæringa på mediesenteret. Dei neste to månadane skal dei ha intern praksis på nyhendedesken til NRK Vestland i Førde. I mai og juni blir dei spreidde på fem ulike redaksjonar rundt omkring i NRK.
– Målet vårt er at praktikantane skal bli flinke journalistar og løfte nynorsken i NRK, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu.
Kringkastingssjefen er glad for at nok ein gjeng med flinke praktikantar skal ut i praksis.
– Eg veit at dei blir sett stor pris på, og at dei bidrar positivt i redaksjonar over heile landet, seier Vibeke Fürst Haugen.