Praktikantane Ingrid Byggland og Martin Værum Anda
ARNE STUBHAUG

Visste du at du kan bli nynorskpraktikant i NRK?

NRK er ute etter deg som er nynorskbrukar og vil bli journalist!

Julie Haugen har lørt seg bruk av kamera under tida som nynorskpraktikant.
Ingrid Byggland

Du får opplæring med løn og praksis.

Praktikant Jarand Aga Baas med kamera og kaffikopp.

«Det er lærerikt, utfordrande, spennande og ikkje minst utruleg kjekt!»

Kull 40 med praktikantar ved NRK Nynorsk mediesenter

Eit unikt halvår som praktikant i NRK

Eit unikt halvår som praktikant i NRK

(Dette er ein info-artikkel frå NRK):

– Under jobbintervjuet blei praktikantopplegget kalla ein hestekur. Det stemmer, men det er også den kulaste leirskulen for vaksne med språkinteresse og nysgjerrigheit, seier Jarand Aga Baas.

Sist haust og vinter var han nynorskpraktikant i NRK. Saman med fire andre praktikantar gjekk 27-åringen frå Hardanger på kull 39 ved NRK Nynorsk mediesenter.

Det gjorde også Julie Haugen frå Hornindal. I februar var ho ferdig med halvåret som praktikant i NRK. No har ho fått vikariat i redaksjonen som har ansvaret for NRK sin Instagram-kontor på Tyholt i Trondheim.

Som praktikant blir du kasta ut i kjekke, men også krevjande oppgåver utanfor komfortsona. Men med eit fantastisk støtteapparat rundt deg går det heilt fint, seier 23-åringen.

Ville ikkje ha vore utan halvåret

To gongar i året startar fem praktikantar på opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter. Mål: Å bli journalistar og lage saker til nett, TV og radio for NRK - på nynorsk.

Opplæringa går føre seg etter lære med å gjere det-metoden, og det er ei bratt læringskurve. Praktikantane får undervising i journalistisk metode, etikk og teknikk, og dei lagar heile vegen saker med tett oppfølging av faglærarar.

Tilbakemeldingane er at det er lærerikt, spennande og moro. Og hektisk.

Eg har fått utvikle meg på så mange ting, og eg har blitt kjend med så mange greie og flinke folk. Det har vore så mange høgdepunkt. Det er verkeleg eit halvår eg aldri ville vore forutan, seier Matilde Sunde Solsvik.

Nynorskpraktikantane på kull 39 saman med bysten av Ivar Aasen på Aasentunet.

Praktikantane reiser på fleire utflukter med dei er under opplæring. Her er kull 39 på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, der dei får ei innføring i nynorsk kultur og historie.

Nynorskpraktikantane får opplæring i alle plattformer. Her er Julie Haugen, Martin Værum Anda og Ingrid Byggland i gang med å redigere ein nettvideo til NRK.no.

Nynorskpraktikantane får opplæring i alle plattformer. Her er Julie Haugen, Martin Værum Anda og Ingrid Byggland i gang med å redigere ein nettvideo til NRK.no.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK
Blant høgdepunkta er ein tur med fagdagar på Marienlyst i Oslo. Her er nynorskpraktikantane på kull 39 saman med Arianrhod Engebø i NRK P3.

Blant høgdepunkta er ein tur med fagdagar på Marienlyst i Oslo. Her er nynorskpraktikantane på kull 39 saman med Arianrhod Engebø i NRK P3.

Talentprogramma samla

Ein gong i året møtest praktikantane i alle dei tre talentprogramma i NRK. Her er dei saman med Fredrik Solvang på Marienlyst: NRK Nynorsk mediesenter, Samisk talentprogram og NRK FleRe.

Etter fire månadar med opplæring og praksis i Førde, reiste ho til P3 nett på Marienlyst i praksis. Der laga ho innhald og saker til NRK P3 sine nettsider. Dei andre praktikantane på kullet hadde praksisplass i NRK Vestfold og Telemark, NRK Vestland i Bergen, NRK Urørt på Tyholt og i DM-redaksjonen (som driv NRK Nyheiter sin konto på Instagram og har P3-bulletinen).

Fem praktikantar på jobb med diverse NRK-utstyr

KULL 39: Fleire av praktikantane på kull 39 har fått vikariat, tilkallingsvikariat og sommarjobb i NRK. Frå venstre: Martin Værum Anda, Jarand Aga Baas, Matilde Sunde Solsvik, Julie Haugen og Ingrid Byggland.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Ser etter folk med varierte bakgrunnar

Det er med andre ord varierte moglegheiter for praksisplassar i NRK. Det aller beste er å ha praksis i ein nyheitsredaksjon, der praktikantane får god mengdetrening og mange sjansar til å få vist seg fram.

Praktikantperioden har vore intens, lærerik, morosam og spennande. Læringskurva har vore bratt, og det har vore krevjande til tider, men det er heilt klart at opplegget fungerer. Eg har produsert meir stoff og saker enn eg kunne ha drøymt om, seier Ingrid Byggland.

33-åringen frå Vinje hadde jobb som lærar, då ho fekk plass som nynorskpraktikant. Eit halvt år seinare hadde ho fått prøvd seg på det meste som nyheitsjournalist. På tampen av praksisen på NRK-kontoret i Porsgrunn, fekk ho og lese lokalhyheitene på radio.

NRK Nynorsk mediesenter passar anten du har utdanning og jobberfaring frå før, eller om du kjem rett frå vidaregåande. Fleire tidlegare praktikantar har hatt litt erfaring frå lokalaviser, medan andre har hatt utypiske bakgrunnar som sjukepleiar eller elektrikar.

Fire praktikantar med NRK-utstyr

SAMANSVEISA: Som praktikant lever og jobbar du tett på dei andre praktikantane på kullet. Det skapar ofte band og venskap som varer også etter praktikantperioden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi ser først og fremst etter nynorskbrukarar med talent, dei vi trur har sterk drivkraft og blikk for journalistikk. Og så er det berre eit pluss om folk har andre erfaringar i tillegg, seier Rune Fossum Lillesvangstu.

Han er leiar ved NRK Nynorsk mediesenter og har rekruttert mange talentfulle praktikantar dei siste åra. Han understrekar at det er viktig med samfunnsengasjement og formidlingsglede.

– Vi lærer opp praktikantane i nyheitsjournalistikk, for det er veit vi er godt eigna til å lære seg journalistisk metode og korthogd historieforteljing, seier han.

Praktikantane på kull 40 ved NRK Nynorsk mediesenter med diverse NRK-utstyr.

KULL 40: Praktikantane på kull 40 er under opplæring og praksis våren 2024. Sidan starten i 2004 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 200 nynorskpraktikantar.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Mange kjende journalistar frå mediesenteret

NRK Nynorsk mediesenter held til i splitter nye og moderne lokale i Nynorskhuset i Førde. Lærarkreftene er operative journalistar, og det er undervising i alt frå nynorsk språk og grammatikk til nettjournalistikk, TV-redigering og direkterapportering.

Det er fem praktikantar på kvart kull, og dei blir ofte tett samansveisa og har det kjekt sosialt. Dessutan driv Nynorsk avissenter ei tilsvarande opplæring for avisbransjen, og dei held til vegg i vegg, så det er eit yrande praktikantmiljø på huset.

– Med medpraktikantar og faglærarar som kan heie, trøyste og le med deg, er ein så trygg i alt det nye som ein kan bli. Akkurat der og då er det få andre som kan forstå kva ein står i. For det er intense greier, men hallo, så gøy og kjekt, seier Martin Værum Anda.

Mange tidlegare praktikantar har i dag jobb som journalistar rundt omkring i heile landet. Både NRK, TV 2, VG og region- og lokalavisene har nytt godt av flinke folk frå Nynorsk mediesenter.

Blant dei mest kjende ansikta er Roger Sevrin Bruland (tidlegare NRK-korrespondent i Berlin), Vegard Tjørhom (NRK-korrespondent i Afrika), Arianrhod Engebø (programleiar i NRK P3) og Eline Buvarp Aardal (programleiar i Dagsrevyen).

Roger Sevrin Bruland

VAR PRAKTIKANT: Roger Sevrin Bruland starta karrieren i NRK som nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter. Etterpå jobba han for utanriksredaksjonen på Marienlyst, før han var utanrikskorrespondent i Berlin.

Foto: NRK

Har du og lyst til å prøve deg? Ved NRK Nynorsk mediesenter får du praktikantløn heile halvåret. Dei faste søknadsfristane våre er 15. april og 15. oktober!

Les også Feira 200 praktikantar med marsipankake på kringkastingssjefen sitt kontor

Praktikant Tora Carlsen Haaland serverer kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen og NRK Nynorsk mediesenter marsipankake.