Dermed kan det vere slutt på fogderistriden i sjukehussaka, for Gro Indrebø i FFO har fått gode tilbakemeldingar frå sjukehusaksjonistane i fylket.
Indrebø seier det er viktig at folk frå heile fylket no også kjempar for funksjonane til sentralsjukehuset.
Strid mellom fogderia
Men det har vore mykje strid mellom dei gamle fogderia når sjukehusspørsmåla har kome opp. Då Helse Førde i sommar føreslo å fjerne kirurgisk avdeling ved Sjukehuset i Lærdal, men framleis gav grønt lys for å etablere eit såkalla nærsjukehus i Florø, vart det for mykje for Knut Aarethun i Sogn Regionråd. Han meinte ein for stor del av helseressursane hamna i Sunnfjord.
Men no stiller også aksjonen «Forsvar Lærdal sjukehus» seg bak ein felles kamp for alle sjukehusa.
Må spele på lag
Føretakstillitsvald i Helse Førde, Harald Bjarte Reite, seier det er heilt avgjerande for det framtidige helsetilbodet i fylket at alle no spelar på eit lag. Han fryktar no at vitale funksjonar ved sentralsjukehuset kan vere i fare.