Hopp til innhold

Felgprodusent fryktar ekstra toll

– Det vil vere ein katastrofe for bedrifta, seier assisterande fabrikksjef John Inge Skrede ved felgprodusenten Saint Jean Wheels i Høyanger.

John Inge Skrede med den nye felgen frå Saint Jean Wheels

FRYKTAR TOLL: Assisterande fabrikksjef John Inge Skrede ved felgprodusenten Saint Jean Wheels i Høyanger er uroa.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han er uroa over nyheita om at den amerikanske presidenten Donald Trump tysdag sa at han vil innføre 25 prosent toll på bilar og bildelar som landet importerer.

– I beste fall betyr det redusert sal, i verste fall ingen sal. Det er vanskeleg nok frå før. Får vi 20–25 prosent tollsats i tillegg, er det fullstendig umogleg å drive, seier Skrede.

Lakkeringshallen til Saint Jean Wheels

LAGAR FELGAR: Bedrifta sender rundt 35.000 felgar til USA kvart år. Arkivfoto

Foto: Rune Fossum / NRK

Felgprodusenten i Høyanger sel varene sine til bilprodusenten Chrysler i USA. Årleg produserer verksemda med vel 30 tilsette kring 35.000 felgar til den amerikanske marknaden.

– Ein ekstra toll vil bety 25 prosent høgare pris for kunden vår i USA. Det vil gjere at våre felgar ikkje blir attraktive på grunn av pris, seier Skrede.

Sjølv om bedrifta har kontrakt med Chrysler, fryktar Skrede likevel at ein eventuell tollsats vil få store konsekvensar.

– Vi har ikkje kontrakt på eit tal felgar, men ein kontrakt som leverandør. Det er opp til kundane som kjøper bil å velje kva hjul dei vil ha på bilen sin. Då kan det vere at kundane vel vekk våre hjul fordi dei amerikanske då blir billegare.

Kan ramme eksport for ein halv milliard

Direktør Knut Sunde i Norsk Industri seier det er grunn til uro om USA gjer alvor om å innføre toll på biler og bildelar frå mellom anna EU-land, Mexico og Canada.

– Dette er eit forslag som kan bli sett i verk i USA når som helst. 20–25 prosent toll ville vore heilt øydeleggande.

– Kor mange bedrifter i Noreg gjeld dette?

– Det vil ramme eksport for ein halv milliard kroner. Det er om lag 15–20 bildelprodusentar i Noreg som eksporterer for rundt sju milliardar i året. 250 millionar kroner er direkte til USA, og 250 millionar kroner er til Mexico, Canada og EU. Der vil bilane som skal til USA, på eit eller anna tidspunkt slutte å selje om tollsatsen blir innført.

Vil beskytte eigen marknad

Sunde seier Trump har vore tydeleg på at dette vil ramme land i heile verda.

– Men dei enkelte landa kan søkje om unntak om dei gir etter gjennom frihandelsavtalar, seier han.

– Det handlar om å beskytte sin eigen marknad?

– Ja, dei ønskjer at bilar og bildelar skal produserast i USA. Dette er hans helsing til eigne veljarar som ønskjer proteksjonisme.

Han seier bedrifta i Høyanger vil komme i ein vanskeleg konkurransesituasjon om tollsatsen blir ein realitet.

– Dei fleste bedriftene eg har snakka med er fortvila, for 20–25 prosent toll er heilt utoleleg. Over tid vil det neppe vere mogleg å leve med den tollen. Spørsmålet er kor fort han vil slå inn, seier Sunde.