Hopp til innhold

I dag fekk dei vite at dei skal gifte seg - om to veker

I dag fekk Siren Tansøy Eide, Daniel Stølen Kvamme, Camilla Nesheim og Geir Årdalsbakke vite at dei skal gifte seg – om vel to veker.

Får gifte seg på ekte på teater.

GIFTEKLARE: Dei har snakka om det lenge, og no får para Geir Årdalsbakke (f.v.) og Camilla Nesheim, samt Siren Tansøy Eide og Daniel Stølen Kvamme ynsket sitt oppfylt.

Foto: Fotomontasje: / Privat

Para frå Stryn og Bremanger var mellom fire som meldte si interesse for å vere ekte brudepar under årets to framsyningar av Elskhug og Eksis på Eksersisplassen på Nordfjordeid.

Framsyningane er 22. og 23. juni.

– Når eg kjem heim måndag er det berre å setje i gang planlegginga med det same. Eg har allereie ringt syster mi og bede ho gjere klar invitasjonane. Eg håpar dei fiksar det, jublar Camilla Nesheim.

Venta ikkje med å søkje

Geir Årdalsbakke og Camilla Nesheim

GLEDE: Geir Årdalsbakke og Camilla Nesheim skal gifte seg om vel to veker.

Foto: Privat

Sjølv var ho på veg til Frankrike då sambuar Geir Årdalsbakke fekk telefon frå NRK Sogn og Fjordane med melding om at dei var trekt ut til å gifte seg.

Paret har vore saman i nær ti år og bur i Bremanger. Som småbarnsforeldre og med arbeidsplass på Nordfjordeid, der dei driv kvar sin butikk, har dei så langt ikkje funne tid til å gje kvarandre sitt ja.

– Det var Camilla som hadde fått med seg dette. Ho sendte ganske raskt inn søknad og sidan har vi gått i spenning og venta på svar. Vi har vel eigentleg ikkje våga å tenkje at det skulle bli oss, seier Årdalsbakke som fekk gleda av å fortelje vidare om storhendinga til si framtidige kone.

Planlegger på reis

– Eg fekk litt sjokk. Plutseleg fekk vi litt å førebu, men eg har med meg forlovaren på tur så vi har allereie snakka ein god del om det på flyturen, ler Nesheim.

I alt fire par meldte si interesse då arrangøren i Eid etterlyste gifteklare par. Skodespelar og regiassistent Erlend Ona Gjul fortel at det var viktig for dei at para var småbarnsforeldre.

Då eitt av dei fire para var utanlands under oppsetjinga, og eit anna ikkje var råd å nå på telefon, var det lett å kåre dei to para som får gifte seg.

Forlova i tre år

Siren Tansøy Eide og Daniel Stølen Kvamme

KLARE: Siren Tansøy Eide og Daniel Stølen Kvamme.

Foto: Privat

Dermed låg alt klart også for Siren Tansøy Eide og Daniel Stølen Kvamme frå Stryn. Dei har vore forlova i tre år, like mange år som dei har born.

Stølen Kvame såg nettartikkelen medan han var på sjøen, og «ho heime» var ikkje sein å respondere på lenkja ho fekk. For også dei har snakka om bryllaup lenge.

– Vi set med heilt nytt hus, tre born og lommeboka er ikkje den tjukkaste i verda. Og så er det jo spennande å prøve noko nytt, seier Tansøy Eide.

Står svart brur

– Men vi hadde ikkje tenkt det så fort, men så kom sjansen, held ho fram og vedgår at hjartet slår nokre ekstra slag ved tanken på at dei skal gifte seg i sommar.

Kommissør Jon Myklebust - Erlend Ona Gjul

NØGD: Erlend Ona Gjul, her oppdressa som krigskommissær Jon Myklebust.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mange bruder har draum om å stå kvit brur, men det skjer ikkje med Tansøy Eide og Nesheim. Eitt av kriteria for konkurransen var tidsriktig antrekk.

– Og det betyr svart kjole. Men vi har Opera Nordfjord sine syerske med på laget, og eg kan love at kjolane skal stå som støypt, forsikrar Ona Gjul.

– Eg er klar!

– Dette er spennande. Eg er klar, slår Tansøy Eide bastant fast og får støtte frå Nesheim.

– Eg skreiv i søknaden at eg aldri har hatt draum om å stå kvit brur. Så svart kjole er midt i blinken. Dessutan tenkte vi at det hadde vore kjekt å gjort noko utanom det vanlege, så dette må jo vere perfekt. Alt er jo klappa og klart, seier ho på telefon frå Frankrike.

Vurderte dobbeltbryllaup

Ona Gjul er imponert over at fire framtidige brudepar kasta seg på konkurransen, spesielt med tanke på den korte fristen. Han seier også at dei var inne på tanken om doble bryllaup, men dette gjekk dei vekk ifrå. Det er femte gong at teaterstykket blir sett opp i Eid.

– Det handlar litt om historikken i stykket, og korleis det er sett inn. For elegansen sin del, så blir det eitt par per framsyning, seier han.

– Kvifor var det så viktig med ekte brudepar?

– Til no har vi fokusert mykje på eksisen i det, men det er elskhug som står først. Vi må få fram elskhugen rundt Nordfjordeid, med korleis soldatane som var der oppe allereie frå 1649 skapte liv. Vi må det litt fram under hæsa.