Hopp til innhold

Gav kvarandre sitt ja på Utkant

Lørdag gav Christine Økland og Yngve Eidset kvarandre sitt ja til hverandre på Utkantfestivalen.

Bryllaup Utkant

SA JA: Paret møttes på Utkantfestivalen i 2009. I 2012 gav dei kvarandre sitt ja.

Foto: Gøril Sætre

Christine Økland og Yngve Eidset traff kvarandre for første gang på Utkantfestivalen i 2009.

– Heilt konge

Bryllaup Utkant 2

HEILT KONGE: Brudeparet avslutta seremonien med AC/DC og champagne.

Foto: Gøril Sætre

Lørdag sa dei endeleg ja, framfor hundrevis av menneske på Utkantfestivalen på Skjerjehamn.

– Dette var heilt konge, sa eit nøgd brudepar etter viinga.

Etter ein spøkjefull tale frå presten avslutta dei den spesielle seremonien til AC/DCs «Thunderstruck» medan dei spratt champagnen.

Første bryllaup på festivalscene

- Det er ikkje kven som helst som kan gifte seg på ein festival. Desse to er akkurat passe rocka, og saman med presten så blei den høgtidelege seremonien nesten eit show, seier festivalsjef Viggo Randal.

Det har tidligare vore både frieri og familieforauking under festivalen, men dette er første gong eit bryllup tek stad på ei norsk festivalscene.

- Såvidt meg bekjent var dette Norges første festivalbryllup, fortel Randal.