Hopp til innhold

Her gifta dei seg på MC-treffet

Eit tradisjonelt kyrkjebryllaup var aldri aktuelt for Randi Gjøstein og Tore Linge. På dagen fem år etter at dei møttest for første gong gifta dei seg på eit MC-treff med fleire hundre motorsykkelfrelste som gjestar.

Randi Gjøstein og Tore Linge gav kvarandre sitt ja på MC-treff

GIFTA SEG PÅ MC-TREFF: Randi Gjøstein og Tore Linge visste at det måtte bli bryllaup på MC-treffet i Norevikane.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Ingen av oss er veldig tradisjonelle av oss, flirer bruda når ho skal fortelje om kvifor dei valte å gifte seg nettopp slik.

I svart kjole med raude blonder gav ho laurdag sitt ja til ektemannen Tore Linge under MC-klubben Høyangbjørn sin seinsommarfest på Norevikane camping i Høyanger.

– Det har vore fantastisk, seier Gjøstein når ho tek seg ein pust i bakken frå dansinga.

Fridde på skotårsdagen

For som alle andre bruder blir dagen i dag ein Randi Gjøstein aldri vil gløyme. Ho og mannen var aldri i tvil om kor dei skulle gifte seg etter at ho fridde på skottårsdagen den 29. februar i år. Mange meiner skotårsdagen er den einaste dagen damene har lov til å fri.

– Han hadde hinta ein dag eller to om han skulle tore å kome heim att den dagen, og lurte på om han skulle ha på seg hanskar.

– Men han kom heim utan hanskar og sa ja med det same, fortel Gjøstein.

Ville gifte seg på MC-treff

MC-bryllaup

MANGE: Bruda seier dei kjenner nesten alle bikerane på MC-treffet og gleda seg stort til å feire med så mange.

Foto: Alf Vidar Snæland

Og dagen etter var det mannen i huset som tok grep. Han hadde då funne ut kor dei skulle gifte seg – på MC-treffet til Høyangbjørn på seinsommaren.

– Han trudde jo han skulle få litt motstand, men eg sa berre ja, sjølvsagt skal vi det, seier Gjøstein.

For dei to har eit nært forhold til MC-treffet på Norevikane. Det var nemleg her dei møttest for aller første gong for fem år sidan.

– Vi kom med kvar på sykkel på treffet og møttest på laurdagskvelden. Så avtalte vi at vi skulle møtast igjen måndagen og då var det kjærleik.

Kort fortalt har det gått godt for Randi Gjøstein og Tore Linge sidan. Begge har ein stor kjærleik for motorsykkel og reiser på mange MC-treff i løpet av året. Å skulle gje kvarandre sitt ja på eit slik treff vart difor nesten naturleg.

Bryllaupet i dag stod på dagen fem år etter at dei møttest for første gong.

(Artikkelen held fram under biletet)

MC-bryllaup i Norevikane

UTANDØRS: Vigsla gjekk føre seg utandørs og til alt hell var vêrgudane på deira side når dei skulle seie dei rette orda.

Foto: Alf Vidar Snæland

Bryllaupsritual frå åsatrua

Gjøstein seier ingen av dei to er spesielt tradisjonelle av seg og at dei difor også valde ei litt spesiell vigsle. I staden for ei kyrkjevigsle har dei sagt ja til kvarandre med eit bryllaupsritual frå åsatrua.

Ei gydje frå Åsatrufellesskapet Bifrost leia dei gjennom det heile medan fleire hundre motorsykkelfrelste følgde med.

– I staden for å seie ja, så seier vi nokre setningar sjølv, forklarar Gjøstein.

Hundrevis av bikers som gjester

Og etter å ha gitt kvarandre sitt ja var det rett på dansegolvet. Seinare var det middag med familien i ein trelavo, før det igjen blir storfest når kaffien og kakene kjem på bordet.

– Til kvelden blir det musikk og dans, seier Gjøstein som ikkje synst det er rart å ha fleire hundre bikers som gjester i sitt eige bryllaup.

– Dei er ikkje framande folk. Dei fleste her, kanskje 90 prosent, er vener av oss. Dei som ikkje er vener, dei blir vi vener med, seier Gjøstein glad.

Og med fleire hundre motorsyklistar som gjester er det kanskje ikkje noko overraskande at det slett ikkje blir noko klissete låt når paret skal danse sin første dans.

– Det blir Knocking on heavens door, i Guns N’Roses versjon, smiler bruda.

– Det har vore veldig minnerikt til no, og enno er det mykje som er igjen av dagen.

Randi Gjøstein og Tore Linge med sine forlovarar

GLADE: Randi Gjøstein seier ho aldri kjem til å angre seg på at ho valde eit slikt bryllaup.

Foto: Alf Vidar Snæland