Hopp til innhold

– Det kunne vore vår dotter som hadde knekt foten, seier Geir og Lena

Då fotballaget til Vik stod att i Sogndal utan sjåfør til å komme seg heim på grunn av eit beinbrot, var det heilt naturleg for paret å trå til.

Geir Selseng og Lena Hofslundsengen

UTMERKING: Geir Selseng og Lena Hofslundsengen har fått fotballkretsen si utmerking for å har gjort fotballbana til ein litt betre stad å vere for små og store.

Foto: Privat

– Vi gjorde ikkje meir enn vi trur andre hadde gjort for oss viss vi hadde stått i same situasjon, seier trenar og pappa Geir Selseng.

Saman med kona Lena Hofslundsengen har han fått Sogn og Fjordane Fotballkrets sin pris for oktober for "Fair Play".

Braut foten og måtte på sjukehus

Det var under ein kamp i Sognahallen at Sogndal sitt J12-lag møtte eit lag frå Vik, då ei av spelarane braut foten. Utfordringa var at sjåføren av Vik-bussen var far til jenta som braut foten og ho måtte til Lærdal på sjukehus. Dermed hadde ikkje laget nokon som kunne køyre dei vel fem mila heim att til Vik.

– Då organiserte vi litt, så Lena tok med seg mora og ho som braut foten til legen. Eg tok bilen og fylte opp med spelarane til Vik og køyrde dei til Hella. Så kom nokre foreldre og henta dei på Vangsnes.

Fair Play-turnering på Skei stadion

TURNERING MED FOKUS: Fotballklubbar over heile landet set fokus på Fair Play. Her frå ei turnering på Jølster.

Foto: Roger Johnsen

Vik hadde både gute- og jentelag i Sogndal for å spele kamp og idrettslagsbussen vart brukt for sikre alle plass. Men brått vart bussen «sjukebuss».

– Vi måtte ta bussen og køyre med henne til Lærdal, seier Liv Turid Fuglesteg som er mor til ho som braut foten og sambuar med sjåføren.

Dei to sette stor pris på det sogndalsparet gjorde for dei.

– Det var sambuaren min som føreslo å nominere dei til prisen, så han kontakta idrettslaget i Vik.

Eit godt eksempel for andre

For Sogn og Fjordane Fotballkrets var hendinga eit godt eksempel på korleis ein skal utøve Fair Play.

– Dei utmerka seg ved å bry seg meir enn ein kan forvente av foreldre. Det betyr mykje for dei som er involverte, seier Hildegunn Hove i Fotballkretsen.

Ho understrekar at prisen Månadens fair-play skal gå til enkelthendingar som gjer fotballbana til ein betre plass å vere for store og små.

– Det er tanken og handlinga som er viktigast. Ikkje kor langt dei køyrde. At motstandarlaget nominerte dei seier jo noko om kor stor pris dei sette på dette, seier Hove.

Heilt uventa utmerking

For Selseng var det heilt uventa å få ein slik pris.

– Vi hadde ikkje rekna med å få nokon pris så dette var veldig overraskande, men veldig kjekt.

Som lagleiar følte han seg ekstra forplikta til å sjå til at motstandarlaget kom seg vel gjennom kampen.

– Det kunne vore vår jente som hadde brote foten i kampen. Så då han fór med minibussen så vart det vondt for dei å komme seg heim.

For Vikajenta som braut foten, går det bra.

– Ho fekk av gipsen fredag, og det går framover. Men ho må nok pine seg gjennom eit par månadar før ho får trena skikkeleg, seier mamma Liv Turid Fuglesteg.