Hopp til innhold

Fekk spellemannspris for årets indie-album

– Eg er helt overvelda. Det kriblar i meg, eg er så stolt og glad, sa Thea Hjelmeland etter å fått prisen for årets beste indie-/alternativ album.

Thea Hjelmeland

SPELLEMANNSPRIS: Thea Hjelmeland frå Førde fekk pris under Spellemann-utdelinga laurdag kveld.

Foto: ROBIN BOEE / ROBIN BOEE

Hjelmeland fekk prisen for albumet «Kulla» vart gitt ut i september i fjor.

– Arbeidet med dette albumet har tatt lang tid, så desse utmerkingane heng høgt for meg på eit personleg plan og, seier Hjelmeland.

Albumet har rulla fleire femmarar og seksarar på terningen og har hamna på ei rekke topplister i 2018. Plata er fylt til randa med dansbar indie-pop, humoristiske skildringar og det magiske lydbilete som Thea er kjent for, heiter det i ei pressemelding.

– Eg er heldig som får jobbe med verkeleg dyktige produsentar og musikarar. Eg er så takknemleg for deira bidrag og korleis dei gir av seg sjølve for å hjelpe meg å manifestere min kunstnarleg visjon, seier Hjelmeland.