NRK Meny
Normal

Fekk smykker for 20 000

To fylkestingspolitikarar har fått like dyre armband som Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete og Åshild Kjelsnes

Liv Signe Navarsete har fått gjennomgå for eit armband ho fekk då ho var gudmor i 2006. No viser det seg at fleire politikarar har motteke liknande gåver.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

To fylkestingspolitikarar har fått like dyre armband som Liv Signe Navarsete av Aker Yards.

Dyre smykker

Leder for nasjonal rassikring, Åshild Kjelsnes

FEKK SMYKKE: Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Prisen på smykka er på omlag 20 000 kroner.

– Var dei så dyre altså? Det hadde eg aldri trudd, seier Edith Årebrot Madsen frå Høgre til Bergens Tidende.

Ho og Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar frå Arbeidarpartiet, fekk armband til omlag 20 000 kroner etter å ha vore gudmødre på gassferjer Fjord 1 hadde bestilt av verftet.

  • Høyr Åshild Kjelsnes:

Også fylkestingspolitikar Toril Melheim Strand (Ap) frå Møre og Romsdal fekk ei slik gåve då ho var gudmor.

  • Høyr Edith Aarebrot Madsen:

– Eit nydeleg minne

Edith Aarebrot Madsen

FEKK SMYKKE:Høgrepolitikar Edith Aarebrot Madsen

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete fekk også ei slik gåve tilbake i 2006 då ho var gudmor for ei ferje for ei ferje. Verdien på den gåva var på 26 500.

– Vi gjer ikkje forskjel på folk. Gudmorgåvene våre ligg stort sett på pluss minus 20.000 kroner, sier informasjonssjef Hege Anita Akselvoll i STX Europe, som no driv verftet i Florø.

Tre veker etter at Navarsete hadde gjort jobben som gudmor, var det det fleire ferjer som skulle døypast. Og æra gjekk til mellom anna dei tre fylkespolitikarane.

– Eg fekk eit veldig pent armband som er eit nydeleg minne, seier Kjelsnes i dag.

Navarsete under dåp

Senterpartileiaren har måtte tole mykje kritikk for at ho valde å behalde armbandet ho fekk då ho døypte ei ferje i 2006.

Foto: Simon Solheim / NRK

At prisen på smykket er 20 000 kroner visste ho ikkje.

– Dei fleste av oss er vel ikkje så vande med så himla dyre smykke, seier ho til avisa.

Tenkte ikkje over verdien

Ho vil ta saka opp med fylkesordførar Nils R. Sandal.

– Eg kan gjerne leggje armbandet inn på fylkeshuset dersom det kan hjelpe, hadde eg nær sagt.

Ho vedgår at ho ikkje tenkte noko vidare over gåva ho fekk, men seier ho oppgav armbandet i sjølvmeldinga året etter ho fekk det.

Navarsetes armbånd

Det mykje omtala armbandet rundt Liv Signe Navarsete sitt handledd.

Foto: Odd Helge Brugrand / Scanpix
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast