Hopp til innhold

Navarsete angrar på rådyr gåve

Dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete fekk eit armband verd 26 500 kroner i gåve frå Kjell Inge Røkke då ho døypte «M/S Bergensfjord» i 2006.

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete var samferdsleminister då ho i 2006 fekk eit armband verd 26 500 kroner i takk då ho stilte som gudmor.

Foto: Simon Solheim

Ifølgje VG Nett oppgav Navarsete ikkje gåva i Stortinget sitt register for gåver. I dag angrar ho på at ho mottok gåva.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete var gudmor for "Bergensfjord"

'Bergensfjord' vart bygd ved Aker Yards - eit verft som då var eigd av Kjell Inge Røkke.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

- Gåva vart taksert og skatta for i samsvar med taksten. I ettertid ser eg at eg ikkje burde teke imot gåva, og eg angrar på at den ikkje vart returnert, seier Navarsete til VG Nett.

Til NRK seier Navarsete at ho på dåverande tidspunkt ikkje kjende verdien på gåva og heller ikkje tenkte over om ho burde la vere å ta imot armbandet.

Nye reglar i dag

Armbandet, som var av kvitt gull, har no gått attende frå kommunalministeren sitt departement til Samferdsledepartementet. Det skal no returnerast til gjevaren, skriv nettavisa.

Fredag vart det kjent at Statsministeren innfører nye reglar som hindrar statsrådar i å behalde gåver dei mottek i embets medfør . Regelverket kom som resultat av dei siste dagane med stor merksemd knytt til gåver som fleire ministrar har fått.