Hopp til innhold

Fekk smugkikke på sin eigen hyllest

Etter meir enn trett i år som artist og låtskrivar skal Olav Stedje denne månaden hyllast med ein eigen kabaret i Oslo. I dag fekk han lov til å vere med på øving.

Olav Stedje-cabaret

HEIDERSGJEST: Olav Stedje var heidersgjest under øvinga på kabareten med hans eigne tekstar.

Foto: Jesper Edvardsen

– Eg tykkjer det er veldig moro og hyggjeleg at de gjer dette, seier Stedje etter å ha sett førestillinga som heidrar livsverket hans.

11. februar vert det arrangert ein hyllest av Olav Stedje og av nynorsken på Teaterkjelleren i Oslo. Det vert ei oppsetting av Stedje sine låtar, men Olav Stedje skal sjølv ikkje vere med på arrangementet.

– Då er eg diverre oppteken, så det var veldig greitt at eg fekk lov til å vere med på øvinga i dag, seier Stedje.

Mannen bak oppsettinga heiter Jesper Edvardsen, og han har vore ein stor tilhengar av Stedje i lange tider.

– Eg har eigentleg tenkt på tanken om å gjere noko for å hylle tekstane til Olav Stedje lenge, og så vart det til slutt slik at eg sette meg ned i april og byrja på arbeidet med denne kabareten.

Olav Stedje

LANG KARRIERE: Olav Stedje har drive med musikk heile livet, og i meir enn 35 år har musikken hans sett spor over heile landet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / Fres Festival

Tekstane i sentrum

Det er særleg tekstane som har gjort eit inntrykk på Edvardsen, og det er dei som får hovudrolla i kabareten hans.

– Eg kjenner meg mykje att i Stedje sitt univers. Tekstane følgjer han gjennom livet, ut på reise og med kjærleiken som kanskje ikkje vart slik ein hadde sett føre seg. Og eg trur at for mange er dette slikt ein kjenner seg att i, seier Edvardsen.

Har funne heilskapen i songane

Olav Stedje fortel at det for han er ei ny oppleving å sjå hans eige songunivers i ein slik samanheng som her.

– Denne førstillinga har dei sydd saman som ein heilskap. Eg har drive med dette i 35 år, men eg har aldri tenkt ein slik heilskap med låtane mine, så det er spennande å sjå, seier Stedje.

Skulle du ønske at du hadde kome på denne ideen sjølv?

– Nei, eg trur kanskje ikkje denne forma er noko for meg. Når eg sat der og såg på merka eg at og kor mykje eg ikkje hugsa frå tekstane mine. Men det er veldig hyggjeleg at nokon ser nytta i desse tekstane, seier Stedje.

Jesper Edvardsen seier at kabareten hans også er ein hyllest av nynorsken og av dialektane på Vestlandet.

– Før i tida fekk vi alltid så mykje tyn for at vi prata på den måten vi gjorde så snart vi kom over til Austlandet. Då Olav kom med plata si i 1981, så var det veldig stas at ein som snakka slik som oss kunne vere popstjerne.