Hopp til innhold

Fekk kutt over auga i slagsmål

Ein mann i 20-åra blei skadd i ein slåstkamp mellom fem-sju personar i Florø natt til søndag.

Politiet fekk meldinga kl. 02:40 og rykka ut til staden. Ifølgje politiet har det vore krangel mellom nordmenn og innvandrarar.

Ein mann har fått eit kutt over auga og blei sendt til lege for behandlinga.

Politiet i Florø måtte også ta seg av ein rusa mann som ikkje ville gå frå ein utestad. Mannen i 20-åra blei køyrd heim av politiet.

Rundt midnatt var det slagsmål ved drosjesentralen i Sogndal sentrum. Politiet kom til staden og fekk skilt partane.

Like før midnatt fekk politiet melding om vinglete køyring ved Vassenden, i retning Førde. Farten skal ha vore låg og bilen har vore over i motgåande køyrefelt.

Politiet melde på Twitter at ein patrulje i Førde skulle sjå etter bilen. Han blei etter kvart stoppa, og det er ikkje mistanke om rus. Det viste seg å vere ein utanlandsk sjåfør som var litt usikker i trafikken.