Hopp til innhold

Fekk ikkje avklaringa dei venta på

Heller ikkje politimeisteren kom med ei avklaring om det er Årdal eller Lærdal som mister lensmannskontoret sitt. No har dei to naboane seks veker på seg til å påverke avgjerda.

Fekk ikkje avklaring

NABOAR: Ingen av dei likar reforma, men dei fekk ikkje avklaring hjå politimeisteren og vil kjempe vidare for sin kommune. Frå venstre varaordførar Sandra Opheim i Årdal og ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

Foto: Noralv Pedersen/Sigrid Skjerdal / NRK

Då regionlensmann Arne Johannessen la fram forslaget sitt i september, vart Årdal og Lærdal ståande att som ein uavklart flekk på det nye politikartet.

Ein av kommunane vil miste sitt kontor. Den kommunen som beheld det, vil samstundes bli hovudsete for vaktdistriktet Aurland, Lærdal, Årdal, og få tilført arbeidsplassar.

Sidan plasseringa heller ikkje vart avklart av politimeister Kaare Songstad i dag, kan det vere duka for ein aldri så liten kamp mellom dei elles så gode naboane.

Folkemengd mot geografi

Varaordførar Sandra Opheim i Årdal er kritisk mot politireforma, men vil jobbe for at kontoret skal ligge i Årdal.

– Det bur mange fleire folk i Årdal. Vi er over 5000 personar. Vi har større utfordringar når det gjeld kriminalitet og rusproblematikk. Kriminalstatistikken viser at det er langt fleire saker i Årdal enn i dei to andre kommunane.

Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal vil helst at det skal vere politi i alle kommunane, men sidan politimeisteren seier eitt kontor, vil han at det skal ligge i Lærdal.

– Vi er eit trafikknutepunkt der det skjer mykje, vi har ein stor kontrollstasjon der det skjer mykje, og vi ligg i midten av dei tre kommunane. Og så har vi ein bygning i kommunalt eige som er bygd nesten for å bli lensmannskontor, seier Solheim.

Ikkje avklaring

POLITI: Lensmann Magne Knudsen i Årdal og Per Thomas Klingenberg i Aurland.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Delt mellom politifolk

I politirekkene er også meiningane delte. Lensmann Magne Knutsen i Årdal har lenge argumentert for Årdal.

– Det er naturleg at den største kommunen har eit lensmannskontor.

Lensmann Knut Arne Klingenberg i Aurland vil gjerne halde på kontoret i Aurland.

– Eg er overtydd om at publikum vil tape i forhold til oppmøte og kontakt med nærpoliti. Sjølv om politiet skal vere meir synleg og meir på hjul, er det noko anna enn å ha dei på staden der du bur.

Arne Johannessen

HAR MODNA: Regionlensmann Arne Johannessen går for Lærdal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men sjefen deira, regionlensmann Arne Johannessen, seier til NRK i dag at jo meir han har jobba med saka, jo nærmare har han kome til at Lærdal er den mest naturlege staden for eit kontor i regionen.

– Tek vi utgangspunkt i at vi skal tene tre kommunar med cirka 10 000 innbyggarar så tenkjer eg at eit geografisk tyngdepunkt må vi ta tungt med i vurderinga, og det er Lærdal, seier Arne Johannessen.