Hopp til innhold

Han vil kutte 18 lensmannskontor

Politimeisteren i Vest politidistrikt vil legge ned 12 av dagens lensmannskontor i Sogn og Fjordane og seks av dagens kontor i Hordaland. I tal politidistrikt føreslår han sju eller fire.

Kaare Songstad

INNSTILLING: Politimeister Kaare Songstad si innstilling skal på høyring i kommunane før det framtidige, og endelege, politikartet skal teiknast av politidirektoratet til våren.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Det går fram av Kaare Songstad si innstilling som i dag er lagt ut på høyring.

I Hordaland vil politimeisteren leggje ned Austrheim, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Jondal og Osterøy.

I Sogn og Fjordane vil politimeisteren kutte 12 kontor: Askvoll Selje, Bremanger, Jølster, Gaular, Hyllestad, Balestrand, Solund, Gulen, Aurland, Luster og Lærdal eller Årdal.

Politimeisteren har ikkje konkludert om det er Årdal eller Lærdal som i framtida skal satsast på, men og vil lytte til innspela som kjem frå kommunane i høyringsrunden, før han innstiller til politidirektoratet.

Desse kontora vil han fjerne

politistasjoner

To alternativ

I tal driftseiningar, det som i dag ofte blir kalla politidistrikt med regionlensmenn, føreslår politimeisteren i framtida enten sju eller fire.

Alternativet med sju inneber at Sogn og Fjordane beheld dei tre distrikta Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Og at Hordaland har eit midt-distrikt, sør-distrikt, søraust-distrikt og eit distrikt som omfattar Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden.

I alternativet med fire driftseiningar er Sogn og Fjordane slått saman til ei eining kalla Nord.

I det alternativet får Hordaland eit midt-distrikt med område frå Fedje og Gulen i nordvest til Eidfjord i aust. Distriktet Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden vil stå, og eit sør-distrikt vil femne om Austevoll i vest, til Samnanger og Kvam i nord, og Ullensvang og Odda i aust.

Pengar til operativ polititeneste

– Ved å gjere dette får vi laga større einingar i politidistriktet. Heile siktemålet er å bli i stand til å levere betre polititenester også i dei områda som no mister sitt politikontor, seier politimeister Kaare Songstad til NRK.

– Men det blir lengre responstid. Korleis vil de løyse det?

– Dei kontora som vert lagt ned er i dag kontor som det i liten grad blir rykka ut ifrå. Slik skal responstida eigentleg bli betre fordi vi klarer å kraftsamle ressursar annleis og gje endå meir polititenester til desse områda.

– Det er ein fundamental berebjelke i dette her. Vi er nøydd med å lukkast l å levere betre tenester til også til dei mister kontora sine, seier Songstad.

– Korleis skal de klare dette?

– Strukturendringane er berre ein liten del. Det viktigaste er at vi får høve til å arbeide annleis, vere meir mobile og meir ute med dei nye dataverktøya som gjer at ein politipatrulje kan gjere meir.

– Så no blir det politikontor på hjul?

– Du kan godt seie det. Konseptet blir stadig utvikla. Folk må venne seg til at kontoret forsvinn og at dei må stelle seg meir til den mobile patruljen i området. Eg trur at folk vil bli nøgde på sikt, seier Songstad.