Hopp til innhold

Sjå kva lensmannskontor han vil behalde

Lærdal, Sogndal, Vik, Vågsøy, Eid og Stryn kan behalde politikontora sine i framtida. Dei andre kommunane kan miste lensmannskontora sine.

Arne Johannessen

VURDERING: Regionlensmann Arne Johannessen i Sogn har kome med si vurdering av organiseringa av politiet i Sogn i framtida. Det same har regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord gjort for sin region.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det blir resultatet dersom vurderingane til regionlensmennene i Nordfjord og Sogn blir ein realitet.

To av tre regionlensmenn i Sogn og Fjordane har denne veka kome med sine vurderingar rundt den framtidige organiseringa av politiet i fylket i samband med nærpolitireforma.

I Nordfjord er regionlensmann Tormod Hvattum oppteken av å oppretthalde den desentraliserte strukturen med tre regionale driftseiningar i fylket, og at Nordfjord må halda fram som den eine geografiske driftseininga.

– Eg ser føre meg at vi beheld kontora på dei tre største stadane Stryn, Eid og Vågsøy. Konsekvensen er at Selje blir lagt ned som tenestestad og overført til Vågsøy, seier Hvattum til NRK Sogn og Fjordane.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

NORDFJORD: Selje kan miste sin lensmann om vurderingane til regionlensmann Tormod Hvattum blir realiteten.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Hornindal har ikkje lensmannskontor i dag. Og i politisamanheng er Bremanger og Gloppen lagt inn under Sunnfjord.

Tre i Sogn

I Sogn meiner regionlensmann Arne Johannessen at det kun bør vere tre kontor i framtida.

– Vik må styrkast på grunn av fengselet som skal utvidast. Kontoret for Leikanger, Sogndal og Luster bør plasserast i Sogndal. Så må vi ha eit kontor for Årdal, Lærdal og Aurland. Eg er litt usikker på plasseringa her, men reint geografisk så hallar det mot Lærdal, seier Arne Johannessen.

Dermed kan Årdal, Luster og Aurland bli utan politikontor i framtida i Indre Sogn. Leikanger er utan lensmannskontor allereie i dag.

Ordførar: Ja takk, men ...

Stadane som beheld kontora kan få tilført arbeidsplassar og ressursar dersom vurderingane til regionlensmennene blir realiteten.

Ordførar for ein av dei føreslegne vertskommunane, Jan Geir Solheim i Lærdal, har i to år reist rundt og snakka imot sentralisering.

– Eg skjønar godt at Lærdal blir peika på som ein stad å plassere politiet grunna vår geografiske plassering. Likevel er dette nok ein sentralisering som blir styrt ovanfrå og ned. Det blir kalla nærpolitireform, men det er jo ikkje ein nærpolitireform for dei som mister sitt politi. Eg meiner at det bør vere politi i alle kommunar, seier Solheim.

Ventar i Sunnfjord

Korleis regionlensmannen for Sunnfjord ser føre seg organiseringa av politiet i Sunnfjord og Ytre Sogn er derimot ikkje kjent enno.

Wenche Hope, stasjonssjef i Florø, kjenner ikkje til at innstillinga frå regionlensmann Dag Fiske er klar.

I Sogn skal det vere eit møte mellom Johannessen og lokale ordførarar om politireforma måndag. Politimeister Kåre Songstad skal levere si anbefaling innan 15. oktober.

Anbefalinga skal ut på høyring til alle kommunane i Vest politidistrikt. Politidirektoratet tek endeleg avgjerd innan 1. april 2017.