Hopp til innhold

Feirar 50 år med å springe 50 km

FØRDE (NRK): Å fylle 50 er eit godt høve til å slå på stortromma og feire seg sjølve. Men Terje Lyngstad si feiring er litt utanom det vanlege.

Karina Hetle Solheim og Terje Lynstad

I GANG: Terje Lyngstad har starta på dei 25 rundane. Karina Hetle Solheim har teke utfordringa og er med på dei første rundane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

30. desember fyller den tidlegare teatersjefen 50 år, og for å feire spring han 50 km i Førde sentrum i dag.

– Eg er veldig klar. Eg skal springe ein kilometer for kvart år eg er. Dette gjer eg fordi eg er glad i å springe, seier Terje Lyngstad entusiastisk til NRK like før han startar.

Likar ruskeveret

Denne føremiddagen viser seg å vere både mørk og vindfull. Det lynar og brakar på himmelen, og regnet plaskar ned. Dette er ingen stoppar for Lyngstad som har delteke i mange maraton og som likar å bevege seg.

– Eg angrar ikkje på dette. Eg likar når det ruskar litt. Då kjenner eg at eg lever.

Dei 50 kilometrane skal springast i ei løype på to kilometer gjennom Førde sentrum. Det betyr at han må gjennom den 25 gongar før han er ferdig.

– Dette er ei løype eg kjenner godt, og eg likar å sjå elva og vatnet.

Terje Lyngstad

FEKK PÅFUGLFJØRER: Etter å ha sprunge med påfuglfjører, så fekk han desse i gåve i dag.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Feire med kaker etterpå

Via Facebook har han invitert med seg folk til å springe saman med han, ei eller fleire rundar. Nokre har meldt frå at dei vil bli med.

– Eg spring ikkje fort. Dette er treningstempo, så alle kan bli med.

Ei av dei som har teke utfordringa er Karina Hetle Solheim frå Viksdalen.

– Terje er ei fantastisk inspirasjonskjelde, så difor vil eg ta ei treningsøkt med han. Men eg blir ikkje med på alle rundane, ler ho.

Sjølv starta Lyngstad klokka 10 og rekna med å vere ferdig i 14:30-tida. Løpet blir avslutta på treningssenteret Spenst.

– Der ventar kake og kaffi, seier han.

Førde