– Sørpeskred har ei enorm kraft i seg og gjer stor skade. Det er fare for at vi kan få desse fleire stadar i Noreg, seier Brigt Samdal, som er regionsjef i NVE.
Farenivået for sørpeskred er på gult nivå på Austlandet, Telemark og for store delar av Vestlandet, Trøndelag og Nordland, melder varsom.no. NVE meiner situasjonen er utfordrande.
– Sørpeskred vil losne og ta med seg både snø, jord, tre og stein på sin veg nedover fjellet. Det er kraftfulle saker vi snakkar om, seier Samdal.
– Sørpeskred gjer stor skade. Vi får krysse fingrane for at vi slepp fleire hendingar. Folk må følge med på at dei ikkje er i nærleiken av der det kan gå sørpeskred, seier Samdal.
– Blir du tatt, så er sjansane små for å overleve
Meteorologisk insitutt har ute farevarsel for både snøskred, flaum og sørpeskred på yr.no.
– Sørpeskred kan komme i stor hastigheit med mykje våt og kompakt snø. Det kan føre til betydeleg skade der dei treff. Blir du tatt av noko sånt, så er sjansane små for å overleve, seier vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga, Kristen Gislefoss.
Nedbør og høgare temperaturar gjer at faren for skred aukar frå sundag kveld.
– No får vi ein kombinasjon av mildt vêr og eit nedbørsområde. Det gjer at det lett kan bli skred, og er absolutt noko folk bør vere obs på, seier Gislefoss.
Faren for flaum og snøskred er utfordrande for NVE.
– Det er mykje som skjer i heile Noreg akkurat no med fare for både flaum og snøskred. Mildvêret og nedbøren gir oss utfordringar dei neste dagane, seier Samdal.
- Les også: