Hopp til innhold

Farevarsel om vanskelege køyreforhold på fjellovergangane

Skal du mellom aust og vest på sundag, bør du komme deg over fjellet no, oppmodar Statens vegvesen.

Strynefjellet

FINT NO, MEN BLIR VERRE: Det er fine forhold på dei fleste fjellovergangane i Sør-Noreg, men frå i kveld av vil nedbør og vind gjere det verre.

Foto: WEBKAMERA/ STATENS VEGVESEN

Meteorologisk institutt har sendt ut eit farevarsel om krevjande køyreforhold i fjellet i Sør-Noreg. Frå sundag kveld vil det blåse mykje på fjellovergangane, og i kombinasjon med snø vil det fort by på trøbbel.

– Det er venta eit lågtrykk frå kvelden av. Då vil vinden auke og vi får ein del snø. Det vil vere verst i kveld, før det minkar måndag morgon, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moksnes.

På dei fleste fjellovergangane er det no bart, men nedbøren vil komme som snø fleire stadar sundag kveld. Vil du sleppe unna det verste vêret på fjellet, så gjer du lurt i å komme deg fort av garde.

– Skal du heim frå ferie vil det lønne seg å komme av garde så fort som mogleg, eller vente til ut på dagen på måndag, seier Moksnes.

Laster Twitter-innhold

Snø og vind vil gi dårleg sikt

Oppmodinga frå meteorologen blir delt av Vegvesenet.

– Kom deg over fjellet før klokka 22. Kjem nedbøren som snø, så vil det bli dårleg sikt, seier Ketil Molvær, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Spesielt utfordrande kan det blir på fv. 50 Hol-Aurland og rv. 15 Strynefjellet. Molvær har eit klart råd til dei som må over fjellet på sundag.

– Det ser ut til å bli varmegrader på Hemsedalsfjellet og Filefjell, så folk gjer lurt i å velje desse, seier han.

Ketil Molvær

KOM DEG OVER FØR KL. 22: Trafikkoperatør Ketil Molvær meiner det er lurt å komme seg over fjellet i Sør-Noreg før kl. 22 sundag kveld.

Foto: Jan Christian Jerving

Slik er stoda på fjellovergangane sundag kl. 16.30:

E16 Filefjell: Bart og vått.

E134 Haukelifjell: Bart.

Rv. 7 Hardangervidda: Stort sett bart. Noko snøslaps.

Rv. 13 Vikafjellet: Fare for glatte parti.

Rv. 15 Strynefjellet: Fare for glatte parti.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Bart og vått.

Fv. 50 Hol-Aurland: Bart.

Fv. 53 Tyin-Årdal: Snø- og isdekke med fare for glatte parti i Sogn og Fjordane. Bart og vått i Oppland.