Hopp til innhold

All denne snøen skal ned - flaumfaren aukar

Risikoen for stor vårflaum er aukande i elvane på Vestlandet, og NVE har no oppdatert situasjonsrapporten sin.

Longevasshytta 25.5. 2015

MYKJE SOM SKAL BLI TIL VATN: Ved Longevasshytta mellom Naustdal og Jølster er det over tre meter djup snø.

Foto: Kjell Kleiven

Det er framleis mykje snø att i fjellet, og det er difor stor risiko for stor vårflaum frå Rogaland i sør til Romsdal i nord. Dersom det kjem varme kombinert med mykje regn kan det bli stor flaum i dei snørike vassdraga.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane har no sendt varselet vidare til dei mest utsette kommunane.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

BUDD PÅ STORFLAUM: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tre meter djup snø

– Vi fylgjer dei råda vi får frå NVE. Får vi no ein kombinasjon av temperaturauke med snøsmelting og nedbør så er det klart fare for flaum i mange vassdrag. Slik eg les rapporten frå NVE er det særleg vassdrag som drenerer frå område med mykje snø faren er størst.

Og det vil seie store delar av Sogn og Fjordane, med unnatak for områda nær kysten. Andre pinsedag var Kjell Kleiven på tur til Longevasshytta i fjellet mellom Naustdal og Jølster. Han kunne då slå fast at det er over tre meter djup snø i 800 meters høgde.

– Kan fort bli vanskeleg

Stensvand meiner det er viktig å vere føre var.

– Dersom vi nærmar oss ein meir dramatisk situasjon så vil varslingsystema fungere på vanleg måte, då vil vi igjen varsle kommunane om kva dei har i vente.

– Det er vel eit faktum at di lengre tid det går utan særleg snøsmelting, di meir vatn er det som skal ned på kort tid?

– Dette er vel slikt som hydrologane kan svare betre på, men eg tenkjer slik eg og. Går det endå ei veke før temperaturen stig, og det kjem brått og i kombinasjon med nedbør, kan det fort bli ein vanskeleg flaumsituasjon.