Hopp til innhold

Dei kan sjå langt etter fjellbeite enno ei stund

Dei skulle ha vore i fjellet om få dagar og meska seg med saftig og vårgrønt gras. I staden går dei på heimebøen, der graset burde få vekse til den første slåtten.

Sau på skrint heimebeite

PÅ HEIMEBØEN: Sauene til Rune Årdal får ikkje sleppe til fjells på ei god stund enno.

Foto: Bård Siem / NRK

Ein sein vår med mykje snø i fjella skaper problem for mange sauebønder i fylket. Mange skulle hatt dyra til fjells alt, og på heimgarden minkar det på grønt gras.

Rune Årdal I Jølster er ein av bøndene som ventar på varme og snøsmelting, slik at dei 240 dyra kan kome seg til fjells.

Før den tid blir det servert mange bøtter med kraftfor.

– Dei må ha mjøl, det er nesten det dei må leve på. Det er litt grønt gras, men det er ikkje mykje å hente. Akkurat her sleppte eg ut fem sauer på sju mål jord for nokre få dagar sidan, og sauene held det nede. Det er så kaldt at det ikkje kjem noko oppatt.

Torsbotnen

I Torsbotnen på om lag 750 meters høgde er det mellom to og tre meter snø. Dette er eit mykje brukt beiteområde for sau.

Foto: Rune Årdal / Privat

To veker seinare enn normalt

I fjellsidene ligg snøen enno langt nedover, og Rune Årdal er ikkje optimistisk med tanke på å sleppe sauene til fjells med det første.

– I den næraste framtida blir det nok dårleg, for skogen er ikkje grøn oppetter liene, og snøen ligg langt ned. Med dei vêrutsiktene vi har så går det veldig tregt. Vi ser ikkje dei store utsiktene ei veke fram i tid.

I eit normalår blir sauene til Rune Årdal sleppte til fjells i månadsskiftet mai/juni. Men i år reknar han med at det blir to veker seinare.

Inntil vidare får ein del av sauene hans beite på markene, andre må stå inne i sauefjøsen og får kome ut og beite litt innimellom. Og han må kjøpe meir kraftfôr. Det gjer sauehaldet dyrare.

Rune Årdal

MÅ FÔRE MED MJØL: Rune Årdal gir sauene kraftfôr. I fjellsida i bakgrunnen ser vi årsaka: Snøen ligg framleis langt nedetter.

Foto: Bård Siem / NRK

Djup snø 800 meter over havet

Rune Årdal har nyleg vore på ski og sett på snøtilhøva der sauene no snart burde ha vore og beita.

– Vi skal ikkje høgre opp enn 600-700 meter over havet før det er temmeleg mykje snø. 17. mai var eg på tur til Torsbotn, der var det heilt slett, du kan knapt sjå ein stein som stikk opp. Det er mellom to og fire meter snø i det området, og det ligg på 800 meters høgd.

I eit normalår tek sauene seg opp dit rundt 1. juni. I år tek det lang tid før dei finn mat der.