Hopp til innhold

Får truleg pengar til luftputebåt

Luftputebåten er livsviktig for innbyggjarane i Veitastrond når vegen inn til bygda er stengd av ras. No får dei truleg pengestøtte til å sikre drift.

Snøskred i Veitastrond

VIKTIG: Når vegen inn til bygda er stengd er luftputebåten einaste måten innbyggjarane kan kome seg ut av bygda på.

Foto: John Molland / NRK

Kvar vinter vert den vesle bygda Veitastrond i Luster isolerte fordi vegen inn til bygda vert stengd av ras. Ein luftputebåt er då einaste måten innbyggjarane kan kome seg ut av bygda på.

Til no er det bygdelaget sjølve som har betalt for dette, noko som har kosta dei vel 120 000 kroner i året. No kan det derimot sjå ut til at dei får støtte utanfrå.

Fylkesdirektøren rår nemleg samferdslepolitikarane til å støtte opp om drifta av båten med 90 000 kroner frå fylkeskommunen sitt budsjett, skriv Sogn Avis.

Desse midlane skal sikre drift av båten i 2012 skriv avisa, og fylkesdirektøren meiner ein også bør gje 4000 kroner i støtte for kvar dagen vegen er stengd av ras.

Hovudutval for samferdsle skal handsame saka i sitt møte neste tysdag.