Hopp til innhold

Får tre gonger så mykje som andre

Førdefestivalen får meir enn tre gonger så mykje pengar frå fylket som resten av festivalane i Sogn og Fjordane til saman. Og etter statsbudsjettet blir det endå meir...

Opptoget under Førdefestivalen 2010

STOR STEMNING: Slik såg det ut under opptoget til Førdefestivalen i sommar. No jublar festivalen over endå meir pengar over statsbudsjettet.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

- No må fylkeskommunen vere sitt ansvar bevisst og auke dei totale midlane til kulturbudsjettet. Viss ikkje har denne medaljen ei bakside som ikkje er direkte gledeleg, seier pressesjef Ola Tarjei Kroken i Glopperock.

Han legg til:

- Men det er veldig gledeleg at festivalane i Sogn og Fjordane blir lagde merke til og at dei får midlar.

600.000 utløyste nye 300.000

Pressesjefen sit på kontoret sitt og ser på oversikta frå fylkeskulturavdelinga over kva festivalar som får pengar.

Tala syner at Førdefestivalen åleine får over to millionar fylkeskommunale kroner - meir enn tre gonger så mykje som alle dei andre festivalane i fylket til saman:

I framlegget til statsbudsjettet stod Førdefestivalen oppført med over 600 000 nye kroner. Dette utløyser i tillegg 300 000 kroner frå fylkeskommunen. Og det uroar andre festivalar i fylket.

- Tenk kva fem festivalar kunne ha fått til med éin million kroner på deling i staden for 100.000, seier Kroken.

LES OGSÅ:

Håpar på meir pengar

No håpar han at fylkespolitikarane vil bruke meir pengar på kultur, slik at dei mindre festivalane ikkje får lide for at Førdefestivalen får pengar frå staten.

Det gjer også styreleiar Hanne Oftedal i den klassiske musikkfestivalen Gloppen Musikkfest.

- Vi er heilt avhengige av offentleg støtte, og slik vil det også vere. Men eg rår ikkje over kulturutvalet, så eg kan ikkje gjere anna enn å håpe at dei tek ansvar og tek vare på breidda i fylket, seier ho.

Ho understrekar at ho er svært glad på Førdefestivalen sine vegner.

LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under biletet)

Glopperock

TRENG PENGAR: Pressesjef Ola Tarjei Kroken fryktar for framtida til Glopperock, dersom festivalen ikkje får meir pengar i 2011.

Foto: Runar Sandnes

Kan ikkje love noko før budsjettet

Men: meldingane frå leiaren i hovudutvalet for kultur i fylket er ikkje oppløftande for dei små festivalane. Utvalet er no i gang med budsjettarbeidet.

- Det er i utgangspunitet ei utfordring allereie. Vi må spare pengar og redusere rammene, seier Sissel Loen.

- Kan du love at løyvingane over statsbudsjettet ikkje skal gå utover andre festivalar i fylket?

- Nei, det kan eg ikkje garantere før vi er ferdige med budsjettarbeidet, seier Loen.

Fryktar for framtida utan meir pengar

I mellomtida håpar pressesjefen i Glopperock at fylkeskommunen klarer å finne dei naudsynte midlane, og dermed aukar kulturbudsjettet tilsvarane.

- Det ville vere veldig trist om dei ikkje gjer det. I tilfelle går det utover andre festivalar, seier Kroken og held fram:

- Når ein klarer å trylle fram 900 000 kroner til Melodi Grand Prix i Florø, trur eg det er mogleg å få inn meir midlar til kultur i Sogn og Fjordane i framtida.

- Eg håpar at vi ikkje skal drive med kulturkannibalisme i Sogn og Fjordane. Eg er den første til å støtte opp om auka løyvingar til heile kulturfeltet og dei andre festivalane, seier Hilde Bjørkum i Førdefestivalen.