Hopp til innhold

– Bergen stel festivalpublikumet

Publikum har svikta mange av festivalane i Sogn og Fjordane i år. – Storkonsertane i Bergen har skulda, meiner Glopperock-leiar.

Norsk Country Treff 2010

NEDGANG: Norsk Country Treff hadde nær 4000 færre besøkande enn i fjor.

Foto: Per Svein Reed

– Når folk kan oppleve verdsnamn i Bergen for same pris som nasjonale toppnamn på lokale festivalar, så vel dei Bergen.

Det seier pressesjef Ola Tarjei Kroken i Glopperock i dagens Firda.

Glopperock

GLISSENT: God plass framfor scena under årets Glopperock i Jølet på Sandane.

Foto: Runar Sandnes

Norsk Country Treff, FotballFlora, Glopperock, Vårslepp for ungdom i Førde og Sommarfesten i Førde har alle opplevd nedgang i publikumstalet i år, i høve til tidlegare år. Resultatet: Festivalane går med underskot, eller i beste fall i null.

Heller Bergen?

I NRK Sogn og Fjordane si morgonsending utdjupa Kroken det han oppfattar som eit Bergens-problem for festivalfylket.

– Bergen har dei siste åra hatt ein veldig stor auke i talet på konsertar med store internasjonale konsertar. Vi er blitt meir mobile og reiser kanskje heller til Bergen på store konsertar i staden for lokale kulturarrangement, seier Kroken.

Han vedgår at dei store namna som dei siste åra har gjesa Koengen ved Bergenhus festning også freistar ein festivalarbeidar frå Gloppen.

«Hadde nok valt Rolling Stones»

– Eg må innrømme sjølv at viss eg skulle velje mellom Rolling Stones og Åge Aleksandersen, så hadde nok kanskje valt Rolling Stones. Dei store namna trekkjer mykje folk, og då bestem ein seg gjerne tidleg for å reise, og dei lokale blir sett på andreplass, trur Kroken.

Coldplay på Koengen

KOENGEN: Coldplay på scena i Bergen. Eit av mange store internasjonale namn som har gjesta byen dei siste åra.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Han ser ikkje bort frå at det store festivaltilbodet kan vere i ferd med å nå eit metningspunkt, og har følgjande løysing på framtida:

– Vi må bli meir unike. Vi må klare å skape arrangement som er eineståande. Ein ser til dømes at ein av festivalane som har gått bra i år, er Norwegian Rock Festival i Kvinesdal som har spesialisert seg på tyngre rock.

Svikt for countrytreffet

Dårleg vêr med høljande regn skal vere hovudårsaka til at Norsk Country Treff fekk skuffande billettsal sist helg. 9 500 deltakarar vart fasiten, mot 13 200 på fjorårets festival.

– Eg veit førebels ikkje kor mykje vi går i tap, men det ligg ein stad mellom 500 000 og ein million kroner, uttalte festivalsjef Ingemar Sårheim til NRK.no søndag.

Festivalen går dermed på sitt første tap på mange år, etter stadige publikumsrekordar og overskot.

Balejazz held stand

Ikkje alle festivalar har gått med tap. Tradisjonsrike Balejazz rapporterte også i år om godt besøk og plusstal.

Malakoff kommande helg

Til helga brakar det laus med Malakoff Rockfestival på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid. Festivalen har sett ny publikumsrekord kvart år. Kan det klare det same i år?...

Kva meiner du?

– Har vi for mange festivalar i Sogn og Fjordane?

– Er det dårleg vêr som har skulda for svikten?

– Lokkar festivalane med «feil» artistar?

Sei di meining i kommentarfeltet under saka!