Hopp til innhold

Rockarane rasar mot forskjellsbehandling

Meiner feite, rike femtiåringar får finkultur billeg, medan ungdom må betala dyrt for rocken.

Big Bang

Glopperock får 20 000 kroner i kulturmidlar

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Det verkar som om fylkeskommunen til slutt ønskjer å kutta ut støtta til pop og rock, seier Ola Tarjei Kroken, pressejef i Glopperock, til Firda.

80 000 til rocken - tre millionar til finkulturen

Pop- og rockefestivalane vert tilgodesett med 80 000 kroner i 2010 frå Fylkeskommunen, medan opera og folkemusikk får over tre millionar kroner.

Det vil seia at Malakoff Rockefestival, Glopperock, Utkantfestivalen og Målrock får 20 000 kroner i kulturmidlar kvar, medan til dømes Opera Nordfjord får 929 000 kroner og Balejazz 200 000 kroner.

Opera Nordfjord

Opera Nordfjord får 929 000 kroner i kulturmidlar

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Paradokset er at me bur i eit fylke der me slit med at ungdommen forsvinn. Ungdommar med studielån må betala 500-600 kroner for ein billett til gode kulturopplevingar, medan feite femtiåringar - som har råd til å betala for billettane - slepp unna med ein 200-lapp. Og då får dei gjerne kanapear og champagne inkludert. Kven er det dei ønskjer å støtta? spør pressesjefen i Glopperock.

- Ikkje råd til å visa lokale talent

Kroken avviser at den marginale støtta er kroken på døra for glopperock, men fortel storleiken på støtta vil prega årets festival.

- Me er godt i gang med arrangementet, men ein misser litt av motivasjonen og ståpåviljen når ein ikkje får meir i støtte enn dette. No må me gå etter dei heilt kommersielle artistane. Me får ikkje høve til å visa fram unge talent frå fylket fordi me manglar pengar.

- Rocken har fått sin del

Men fylkeskommunen meiner rockarane ikkje har grunn til å klaga.

- Eg vil jo seia at rocken har fått sin del oppi alt dette her, seier leiar for hovudutval for kultur, Sissel Loen.

Ho viser til at det er inngått avtalar med Staten om Førde Folkemusikkfestival og Opera Nordfjord. Avtalen inneber at det er ei viss fordeling mellom stat, kommune og fylkeskommune når det gjeld midlar.

- Når Staten aukar opp midlane sine, så lyt fylkeskommunen og kommunane auka opp midlane i tråd med avtalen. Då vert det mindre pengar til andre, seier Loen.

Ho meiner også det ikkje berre er velfødde vaksne som går på opera og Balejazz.

- Det er ungdommar der og som har godt og nært samarbeid med til dømes Sogn og Fjordane ungdomsband, seier Loen til Firda.