Hopp til innhold

Far og dotter i duell om Luttprisen

Far og dotter Arle og Thea Hjelmeland kjempar saman med Sigrid Moldestad om å vinne Luttprisen – årets artist frå Sogn og Fjordane.

Thea Hjelmeland og Good Time Charlie

FINALISTAR: Gruppa Good Time Charlie og Thea Hjelmeland er mellom dei tre som kan vinne årets Lutt-pris

Foto: Pressefoto

Sigrid Moldestad

FINALIST: Sigrid Moldestad kan vinne Lutt-prisen for tredje gong.

Foto: Scanpix

Det vart klart etter jurymøtet i Luttprisen tysdag der dei tre vart plukka ut på bakgrunn av røyster frå publikum og vurdering frå fagjuryen. Dei to er plukka ut som finalistar saman med Sigrid Moldestad frå Breim.

Jakta på vinnaren av årets pris starta med at publikum fekk nominere kven som helst dei meinte fortente prisen. Deretter vart ti kandidatar nominert til prisen, og NRK opna for røysting frå publikum.

Mange røyster

I tillegg til dei tre finalistane var også Lena Skjerdal, Tone Damli, Erlend Apneseth, Karl Seglem, Laila Beathe Førde, Odd-Erik Lothe og Vidar Ruud nominert til prisen. Etter ei veke var det komme inn i overkant av 2200 røyster til dei ti kandidatane.

– Det var mange gode kandidatar, og det er gledeleg å sjå at fylket har så sterke musikarar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier Kristin Sandal frå Norsk Countrytreff.

Ho er jurymedlem saman med Arnt Ivar Naustdal frå Malakoff Rockfestival, Jan Inge Fardal frå Sogn Avis, Stein Aase frå NRK, Øyvind Lyslo frå Fylkeskommunen og Tom Øyvind Solheim frå Sparebanken Vest.

Er veldig spente

Sjølv er Thea og Arle spente på resultatet av prisen.

– På vegner av både far og dotter vil eg seie at det er veldig hyggeleg å bli nominerte no når vi er plateaktuelle samtidig! Lutt har alltid vore flinke til å støtte opp om lokale artistar, band og musikarar og det styrkar musikkmiljøet i Sogn & Fjordane. Takk, No er vi spente, skriv dei to i ein SMS tysdag kveld.

Enno ein Luttpris?

Den tredje finalisten, Sigrid Moldestad, er også svært glad for finaleplassen. Ho kan vinne sin tredje Luttpris i 2014.

– Så utruleg takksam og glad eg blir. Var redd folk var litt lei av meg no. Eg kjenner ei blanding av djup audmjukhet og enorm glede over at folk har stemt, seier Sigrid Moldestad.

Du er med å avgjere

No er det du som er med på å avgjere kven av dei tre finalistane som får tildelt Luttprisen.

Det gjer du ved å røyste på din favoritt i skjemaet under før onsdag 10. desember klokka 1000. Alle dei tre finalistane tek med seg røystene frå den innleiande runda vidare.

– Dette er utruleg spennande, for det var jamt i toppen, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK. Han opnar for røysting onsdag morgon klokka 0800.

Laster innhold, vennligst vent..

Du kan berre stemme éin gong per 12 timar pr. IP-adresse. Deler du IP-adresse med fleire? Om du sit på ein skule eller ein annan offentleg institusjon, kan den hende du får du opp melding om det allereie er stemt.

Utdeling under Julelutt

Premien til vinnaren er 25000 kroner i stipend frå Sparebanken Vest og eit kunstdiplom frå kunstnaren Oddvar Torsheim.

Luttprisen vert delt ut under den store Juleluttkonserten i Sogndal Kulturhus laurdag 13. desember. Der får du også oppleve artistar som Tone Damli, Eva & the Heartmaker, Odd-Erik Lothe og Åshild Mundal på scena saman med mange fleire.

Dette er finalistane

Good Time Charlie

Good Time Charlie

GOOD TIME CHARLIE: Good Time Charlie er kjent for sin dedikerte og ekte formidling av musikalske tradisjonar og stilartar.

Foto: Richard Schumann/Fjordblues

Good Time Charlie med Arle Hjelmeland og Steinar Karlsen i spiss, er kjent for som pionerband for autentisk rhythm and blues musikk, noko dei også har fått nasjonal og internasjonal hyllest for.

Good Time Charlie har gitt ut heile åtte album og er kjent for sin dedikerte og ekte formidling av musikalske tradisjonar og stilartar. I fjor markerte bandet 30-årsjubileum og inspirert av Språkåret gav dei ut barneplata "Draumeblues og Blåsus", på dialekt. I år har bandet spelt land og strand rundt og samla store og små til draumeblues-treff.

17. oktober gav Good Time Charlie ut sitt åttande album, Diamonds, til gode meldingar mellom anna trilla Bergens Tidende terningen til ein femmar for plata.

Sigrid Moldestad

Countryfestival på Breim 2013

SIGRID MOLDESTAD: Ho er ei av våre fremste artista og har vunne fleire prisar.

Foto: Runar Sandnes

2014 har vore nok eit godt år for Sigrid Moldestad, som har fylt konsertsal etter konsertsal med musikk frå plata "Brevet til kjærleiken" der ho tonesette og bles liv i dikta til Jan Magnus Bruheim.

Fleire av låtane frå "Brevet til Kjærleiken" er spelelista i norske radioar, og Sigrid Moldestad er hyppig tonefylgje i lokalradioen, både med songar frå Bruheim-plata og frå tidlegare innspelingar. Både som soloartist og i lag med Live Merethe Kroken i Spindel.

Sigrid Moldestad er ei av våre fremste artistar. Med fire soloplater, to Spelemannsprisar og ei rekkje utmerkingar i bagasjen har ho jobba seg fram som ein musikar med særpreg. I desse dagar er 42-åringen frå Breim ute på ny turne i fylket, med konserten ho kallar vintersong med musikk i grenselandet mellom folkemusikk, americana, viser og salmar.

Thea Hjelmeland

Thea Hjelmeland

THEA HJELMELAND: Ho har hatt ein svært aktiv haust med konsertar både innalands og utanlands.

Foto: Andrew Amorin

Superlativa frå musikkjennarane stod i kø då Thea Hjelmeland leverte si andre plate i haust.

– Dette er popkunst. Ei plate der sorg blir omsett i vakker musikk, skreiv Øyvind Rønning i Dagbladet.

Tekstane på plata er sentrert rundt eigaopplevd sorg, etter at den franske kjærasten hennar blei alvorleg sjuk og døyde – samtidig som Thea Hjelmeland sjølv var gravid. Dei sterke tekstane og musikken trefte svært mange lyttarar rett i "Solar Plexus"..

Thea Hjelmeland har hatt ein svært aktiv haust med konsertar både lokalt, nasjonalt og rundt omkring i Europa. No i november er ho på Cuba med musikken sin.