– Vi har fått fleire meldingar om dette brevet siste veka. Så vi reknar med at det er sendt ut i ganske mange eksemplar, seier Anne Dybo i Økokrim.
.
I brevet blir mottakaren oppmoda til å betale 3.700 kroner i kompensasjon for ulovleg nedlasta bilete/videoar på nettet. Konsekvensen av å ikkje betale, er å bli stemna for retten.
– Det kan sjå ekte ut, men det er openberre svindelforsøk, sa politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes i Florø.
Heile landet
Før helga hadde Barsnes fått melding om to brev. Etter at førstebetjenten gjekk ut med åtvaring, fekk han melding om fleire brev i Sogn og Fjordane. Men Dybo i Økokrim seier mottakarane er over heile landet.
– Så langt kjenner vi ikkje til om nokon har betalt. Men det betyr ikkje at folk ikkje har betalt, seier Dybo.
Økokrim vil no vende seg til tysk politi for å finne ut om dei er kjende med brevet. For avsendaren, Hengeler & Latham, hevdar å vere eit tysk advokatfirma.
Ikkje overraska
Firmaet vart stifta i England i mars. Heimesida er berre ei framside utan lenke eller anna informasjon enn det som står i brevet. NRK gjorde før helga gjentekne forsøk på å få kontakt med firmaet på telefon, men fekk berre ein automatisk telefonsvarar som fortel om stor pågang.
- Les også:
Automatisk svar med lovnad om svar innan eitt døgn det einaste svaret vi har fått på e-post. Det kom fredag.
Dybo er ikkje overraska at slike brev og e-postar blir sendt til både firma og privatpersonar no før ferien.
– Folk er meir slepphendte med pengar, og følgjer kanskje ikkje like godt med på kva dei betaler. Vårt råd er å ikkje betale, seier ho.
Blir stressa av truslar
I brevet minner avsendaren om at strafferamma for ulovleg nedlasting er bøter på inntil 10.000 kroner, fengsel på opp til 90 dagar og erstatning på opp til 120.000 kroner.
– Det er truslar om at dersom ein ikkje betaler, så blir ein stemna for retten. Det gjer folk stressa, og enkelte vel å betale for å sleppe å ha dette hengande over seg gjennom ferien, seier Dybo.
– Og dersom dei betalar?
– Betalar dei, så er pengane borte.
Dybo minner om at sjølv om brevet er skrive på godt norsk, så treng det ikkje vere nordmenn som står bak.