NRK Meny
Normal

Får kommunen deira namnet Fjord eller Idyll?

Eller kanskje Stadeid, Fjordstad(t) eller Nordre Fjordane? No skal namnekomiteane i Eid og Selje plukke ut tre namn som innbyggjarane skal få stemme over.

Politikarane i Eid og Selje feirar samanslåinga

KVA SKAL KOMMUNEN HEITE: Kyst, Storm, Sol og Natur er alle blant forslaga til nytt kommunenamn for storkommunen med Selje og Eid. På bilete feirar politikarane i Selje etter at dei hadde vedteke å slå seg saman med Eid tidlegare i vår.

Foto: Marita Aarvik

– Vi har fått god respons, og det viser at folk er interesserte, seier rådgjevar Svein Barmen i Selje kommune.

Kommunane Eid og Selje har vedteke å slå seg saman til ein ny storkommune. Planen er at kommunesenteret skal ligge på Nordfjordeid, medan plan, nærings- og utviklingsavdelinga skal ligge i det som i dag er Selje kommune.

Men eit anna vanskeleg spørsmål er kva den nye kommunen skal heite. Folket er bedne om råd, og til saman er det kome inn 120 forslag.

I boksen under ser du eit utdrag av dei:

Folket får seie sitt ein gong til

Selje kommune har sendt ut ei oversikt med eit utdrag av namneforslaga (sjå faktaboksen over). Men Barmen er forsiktig med å nemne nokon av dei når han blir spurt om å seie noko om forslaga.

Så viktig er det for kommunane å ikkje vere med å påverke prosessen vidare.

– Vi har fått inn mange gode namn, og ein god del kreative namn. I neste fase skal vi ha tre namn som folk kan velje mellom, forklarar Barmen.

Det er valt ein namnekomite i begge kommunane, Eid og Selje, og neste onsdag skal dei ha møte. Etter at dei har plukka ut tre namn frå dei innkomne forslaga, skal folk få stemme over desse i ei innbyggjarundersøking.

– Kva blir lagt vekt på når de skal velje dei tre alternativa?

– Vi er ute etter eit sterkt namn, og eit namn som skapar samhald. Det må halde seg både historisk og kulturelt, og det må også vere geografisk, slik at vi veit kva område vi snakkar om, seier Barmen.

Også i Sogn har det kome inn mange forslag til nytt namn på storkommunen med Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Arbeider vidare med logo

Kommunane har også hatt ein konkurranse som gjekk på utforming av det nye kommunevåpenet. Også her har det vore god respons ifølgje Barmen.

– Vi kjem ikkje til å gjere noko val av logo før til hausten. Men det hastar å gjere vedtak om namnet. Det skal følgje kommuneproposisjonen som skal vedtakast i vår.

Namnet på den nye storkommunen med Selje og Eid blir vedteke på kommunestyremøte 22. juni.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.