Hopp til innhold

Manglande respons frå vakthavande legar i akutttilfelle

I fleire akutte tilfelle har ikkje Akuttmedisinske kommunikasjonssentral (AMK) i Sogn og Fjordane fått takk i vakthavande lege. Dette uroar fylkeslegen, Per Stensland.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

MISNØGD: Fylkeslegen Per Stensland, ser alvorleg på at vakthavande legar i Sogn og Fjordane ikkje svarar på helseradio når AMK prøver å kontakte dei.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Eg ser veldig alvorleg på at AMK kallar opp legar eller akuttressursar i kommunane utan at dei får respons, seier fylkeslege Per Stensland.

AMK-sentralen har mellom anna som oppgåve å svare på naudnummeret 113 og ta vidare kontakt med ambulanse og legar gjennom eit radiosamband, også kalla helseradio.

Ikkje noko nytt

NRK prata med Stensland seinast i mai i år i samband med avvika frå mars til april 2014. På det tidspunktet sa Stensland at dei skulle skjerpe rutinane for å sikre at legane svarar på oppkall frå AMK.

NRK har nok ein gong fått innsyn i Helse Førde sin oversikt over dei tilfella der legane ikkje svarer på alarmane. Frå og med mai til september i år er det registrert 47 nye avvik. Eksempel er:

  • Mai kl. 2106 lege ambulansealarm i Førde kommune+sys ikl lege. Gut med pustevanskar. Lege svarar ikkje på radio. Blir kontakta av AMK men vil ikkje rykke ut til pasienten. Luftambulanse blir då varsla.
  • Test av lege/ambulansealarm kvar måndag kl. 0815 og fredag 0815: Solund legekontor har ikkje radio og svarar ikkje på test eller reelle alarmar.
  • Juni kl. 1648. Lege ambulansealaram i Eid kommune. Mann bevisstlaus. Lege svarar ikkje på helseradio. Blir kontakta på telefon. Rykkjer ikkje ut.
  • 05. august test av lege ambulansealaram i Fjaler kommune. Lege svarer ikkje på helseradio. Får opplyst at radio ikkje lader.

Klare retningslinjer

– Her er det mange årsaker til at legar både ikkje respondere, og det kan også tenkast at det vert teke feilaktige vurderingar knytt til dei meldingane som kjem inn, seier fylkeslegen.

Det er heilt klare retningslinjer for korleis dette skal fungere, meiner Stensland. Reglane har vore kjende for kommunane i fleire år. Det er heilt naudsynt at kommunane svarer og er til stades for oppkalling.

Gut med pustevanskar, legen rykte ikkje ut

Øystein Furnes

BEKLAGAR: Øystein Furnes, legevaktsjef i SYS IKL, beklagar tilfellet med guten som trong akutthjelp og seier at dei jobbar med å skjerpe rutinane.

Foto: Jarle Mjøen

Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale legevakt (SYS IKL), hadde eit alvorleg tilfelle der legen ikkje svarte på helseradio. AMK fekk tak i han på eit anna vis, men legen rykte likevel ikkje ut.

Det gjaldt ein gut med pustevanskar som trong hjelp. Luftambulansen vart varsla til slutt. Legevaktsjef Øystein Furnes i SYS IKL, meiner at dei fylgjer retningslinjene, men at det klart skjer avvik.

– Me har følgt opp kvar enkelt sak med dei legane det gjeld, men også følgt opp vaktlegar og presisert at dei alltid må vera tilgjengelege på radionettverk, opplyser Furnes.

– Når det gjeld guten med pustevanskar. Kva kan du seie om det?

– Dette er ei sak som me fylgjer opp med legen det gjeld. Det er ein personalsak. Det kommenterer me ikkje offentleg.

Furnes ser også alvorleg på at legane ikkje svarer på oppkall frå AMK, men dei nye rutinane dei har sett i verk har vore med på å minke avvikstilfella dei siste månadane. Han ser dermed positivt på utviklinga, og målet er at legane alltid skal svare, seier han.

Nye rutinar

Fylkeslegen seier at dei held på å rydde opp for å få betre rutinar på plass. Dei har bestemt seg for å gjere ein større kartlegging der kommunane skal rapportere korleis det vert respondert på akuttmedisinske hendingar. Det vil føre til ei betydeleg skjerping, men òg oppdatert kunnskap om kva som skjer. Dei kom i gang med planane i mars, og dei nye rutinane vart sett i verk i oktober.


– Naturlegvis kunne me ha vore i gang med dette tidlegare, men me er i gang med det no, svarar Stensland.