Hopp til innhold

Får ikkje stansa brennande køyretøy

Statens vegvesen kjenner ikkje til teknologi som kan hindre køyretøy som er i ferd med å ta fyr eller alt brenn å køyre inn i tunnelar.

Bussbrann Gudvangatunnelen

INN I TUNNELEN: Vitne seier det kom røyk frå bussen før han køyrde inn i Gudvangatunnelen.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Passasjerar på ulukkesbussen i Gudvangatunnelen seier dei lukta røyk om lag ein halv time før brannen, og eit vitne meiner han såg røyk frå bussen før han køyrde inn i tunnelen.

Sven Finden i Statens vegvesen seier det ikkje finst utstyr som er tilpassa vegane som kan oppdage slikt.

– Eg kjenner ikkje til at det er den typen teknologi på veg. Eg veit at teknologien finst, men den er ikkje tilgjengeleg for veganlegg.

Det lukta røyk

Gruppa på 32 kinesiske turistar opplevde marerittet, då dei måtte flykte frå flammane og det enorme røykhavet i Gudvangatunnelen i går kveld. No meiner fleire av passasjerane at dei lukta røyk frå bussen lenge før han køyrde inn i tunnelen.

– Før brannen lukta nokon røyk. Ein halv time før brannen. Men vi trudde det var normalt, så vi sa ingenting.

Einar Jordalen

- KUNNE IKKJE GÅ BRA: Yrkessjåfør Einar Jordalen.

Foto: Privat

Blårøyk frå bussen

Yrkessjåfør Einar Jordalen køyrde bak ulukkesbussen gjennom Flenjatunnelen. Han seier at det kom blårøyk frå bussen ei stund før han skulle inn i den 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen.

– Eg tenkte med meg sjølv at dette ikkje kunne gå bra. Eg rekna med at han kom til å køyre ut på utkøyringa før Gudvangatunnelen, men det gjorde han ikkje. Han fortsette rett inn i tunnelen.

Brannsjef David Skjerven i Voss seier han håpar det ikkje er slik at bussjåføren køyrde inn i tunnelen dersom om han visste at det hadde teke fyr.

– Det høyrest rart ut, eg tvilar på at nokon kan gjere det. Eg får håpe det ikkje er tilfelle.


Bussen som brann køyrde på oppdrag for det Gøteborg-baserte Ellös Buss AB. Administrerande direktør Andreas Demerholtz seier han ikkje har opplysningar om at det skal ha kome røyk frå bussen, og at bussen nettopp har vore til kontroll.

Alle dei 32 passasjerane på bussen vart berga uskadde ut. Fire personar frå andre køyretøy er alvorleg røykskadde etter brannen. Sven Finden i Vegvesenet vil ikkje meine noko om rapportane om røyk frå bussen før han køyrde inn i tunnelen.