Hopp til innhold

Får erstatning etter flåttbit

Ei kvinne frå Sogndal har rett på erstatning frå staten etter at ho ikkje fekk behandling då ho fekk sjukdommen borreliose etter eit flåttbit. Det har Gulating lagmannsrett slått fast, skriv bt.no. Kvinna vart tilkjent 90.000 kroner i erstatning og 340.000 kroner i sakskostnader i tingretten, men Pasientskadenemnda anka dommen til lagmannsretten. Men no er anken avvist og dommen i tingretten vert ståande. Retten slår fast at kvinna burde fått tilbod om antibiotikabehandling alt for 10 år sidan.