Alle norske helseføretak har krav om å kome i økonomisk balanse i løpet av året. Likevel velsignar altså administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, eit stort budsjettunderskot i Helse Førde.
Kravet frå departementet er at Helse Vest skal vere i balanse. Helse Førde skal forhalde seg til Helse Vest, som må avstemme sitt resultat mot departementet, seier Nilssen.
Herlof Nilssen
Protester har gjort inntrykk
Fakkeltog og protestar mot kutt i akuttberedskap på Nordfjordeid og i Lærdal har altså gjort så sterkt inntrykk på Helse Vest-direktøren at han aksepterer eit budsjettunderskot i Helse Førde. Og det sjølv om dette betyr at Helse Vest får store vanskar med å kome i økonomisk balanse i løpet av året, slik staten krev.
- Det har vore tøffe omstillingar i 2004, og det kjem den sannsynlegvis til å verte i 2005 også, Men det kan kome pengehjelp i nær framtid, seier Herlof Nilssen. Stortinget har sagt at Helse Vest skal få 240 millionar kroner i skeivfordeling. Av dei kjem 100 millionar i 2006, seier han.