Hopp til innhold

Fannemel trassar truleg smerten og hoppar i Planica

Trass i ei dårleg opplading og ein smertefull kneskade, ser Anders Fannemel no lyst på å få hoppe i Planica til helga.

Anders Fannemel på veg ned trappa

FRAMLEIS VONDT: Anders Fannemel har framleis vondt i kneet, men trur han likevel får grønt lys til helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg sa førre veke og at eg skulle hoppe, men eg har enda meir trua no. Vi har hundre prosent kontroll på kva problemet er, og det er ikkje farleg. Kneet er stabilt og bra, seier Anders Fannemel.

Måndag fekk han undersøkt kneskaden sin utan at det vart funne alvorlege feil.

Det er eit godt teikn. Det er berre smerta eg har vore uroa over, men den er ikkje noko problem. Eg må nok berre bite tenna litt meir saman.

Vil «pushe» seg enda hardare

Kneet har sett ein stoppar for verdsrekordhaldaren dei siste vekene. Kneskaden fekk han under landing i Lahti for over ei veke sidan. Honndølen har måtte stå over renn i både Kuopio, Granåsen og no sist renna i Holmenkollen på grunn av skaden.

Det har vore uvisst om 23-åringen får med seg skiflyginga i Planica der han kan vere med å kjempe om verdscupsigeren i skiflyging. No ser han positivt på det.

– Det er framleis litt vondt å belaste foten, men eg skal prøve å pushe litt hardare enn eg gjorde i dag på trening for å kjenne korleis det er. Det er ei ganske stor belasting å hoppe skiflyging, så eg håpar verkeleg at det held og at eg får hoppe, seier han.

Ingen perfekt opplading

I bakken i Planica er det venta lange hopp og Fannemel ønskjer å vere med på det. Fannemel ligg no på tredje plass i skiflygingscupen og håpar han kan vere med å kjempe om pallplassering om det vert hopping til helga.

– Eg hoppar så godt eg kan uansett, så får vi sjå kor bra det blir. Eg har berre hoppa tre hopp førre veke, og veka før der vart det ingen. Så eg har ikkje noko perfekt opplading, men håpar eg kjem til å hoppe bra på ski om eg får hoppe.

Sjølv om det gjer vondt, trur han at han vil trosse smerta og delta til helga, gjerne med ei pallplassering.

– Det hadde vore artig å få ei slik avslutning på sesongen i staden for å sitte på tribunen, seier Fannemel.

.