Hopp til innhold

I naustet fann dei stumfilm om flypioneren

Seks filmrullar med norsk pionerflyhistorie var det som dukka opp då Ludvig Solberg rydda naustet på garden i Flora.

Filmrullar funne i naust i Flora

SPØRSMÅL: – Filmane stiller ei rekkje spørsmål rundt skapinga av dei og kvifor dei har blitt liggande i alle desse åra i ein trekasse under rot og skrap i eit naust på heimegarden til Thor Solberg, seier førstekonservator ved Kystmuseet i Florø, Bjørn Fjellheim.

Foto: Kystmuseet

Bjørn Fjellheim ved Kystmuseet i Florø vedgår han vart «i fyr og flamme» då han vart kontakta om filmane.

Han skjønte raskt at dette var filmar om flypioner Thor Solberg (1893–1967) som i 1935 fullførde den første atlanterhavsflyginga frå USA til Norge.

– Du kan seie at dette er det mest artige funnet eg har vore med på gjennom mine 27 år som museumsmann, seier førstekonservator Bjørn Fjellheim ved Kystmuseet i Florø.

Norsk pionerflyhistorie

Det var i mars i fjor at Ludvig Solberg fann dei seks filmrullane på garden hans. Dette er den same garden som pioner Solberg vaks opp.

Filmane var lagra i øskjer som var i svært dårleg forfatning, sterkt angripne av rust. Fjellheim såg på rullane at filmane omhandla flypioner Solberg.

– Det er filmsnuttar, truleg frå flyginga han gjorde i 1935 og truleg produsert på bestilling av Solberg sjølv. Den kulturhistoriske verdien er nok mykje større enn den økonomiske vreiden. Er dette dei einaste som finst av Solberg, så er det eit lite stykke dokument frå norsk pionerflyhistorie, seier Fjellheim.

Digitalisert

Thor Solberg

STILLBILETE: Dette biletet v Thor Solberg er frå filmane som dukka opp i eit naust på garden flypioneren vaks opp i Flora.

Foto: Kystmuseet

– Eg skanna ei lita filmstripe og såg at det ikkje var bilete av budeier, for å seie det slik. Det var Solberg og fly. Masse fly. Eg trur det må vere filma i USA, seier han.

Filmane vart sendt til filmseksjonen ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. For to veker sidan fekk han ein diskett med den digitaliserte versjonen av innhaldet på rullane.

– Eg har ikkje sett igjennom alt enno, men av det eg har sett er kvaliteten veldig bra med tanke på tilstanden til originalfilmane. Filmane har jo ikkje hatt dei beste oppbevaringsforholda i eit fuktig naust over så mange år, seier Fjellheim.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 75-års jubileum for Amerikaflyging

SJÅ TV-SAK: 75-års jubileum for Amerikaflyging.

Mange spørsmål

– Originalfilmen blir nok verande der den er i dag, på eit magasin for nitratfilm hos Nasjonalbiblioteket. Så må vi vurdere materialet og kven som eig rettane til det. For vi veit ikkje kven som har laga det, kven som var oppdragsgjevar og kvifor det vart laga, seier Fjellheim på spørsmål om kva som no skjer med filmane.

– Veit de noko om korleis filmane hamna der?

Flyruta til Thor Solberg

RUTA: Slik flaug Thor Solberg frå Amerika til Norge.

– Det ein kan vente å finne under rot og skrap i eit naust er jo interessante fiskereiskapar. Ikkje filmrullar. Men eg har ein teori om korleis dei hamna der, men den vil eg vente med å presentere.

Ferdig stumfilm

Fjellheim har så langt ikkje fått undersøkt om det har vore framsyningar om flyturen Solberg la bak seg for snart 80 år sidan.

– Den er jo ferdig redigert også. Ein stumfilm med tekst før sekvensar, slik dei gjorde på stumfilmar. Så dette er ikkje snakk om råmateriale til noko, men eit ferdig produkt, seier Fjellheim.

Dag H. Nestegard

FORFATTER: Dag H. Nestegard har skrive bok om flypioner Thor Solberg.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Onsdag blir filmane vist til media, og i neste veke kjem forfattar Dag H. Nestegard til Kystmuseet for å halde føredrag om boka han har skrive om flypioneren frå Florø - «Atlanterhavsflygaren Thor Solberg - ei røvarhistorie».

Visste å bruke teknologien

Då vil også ein redigert versjon av filmane bli vist. Den framsyninga gler Nestegard seg til.

– Det er klart. Eg har alltid vore fascinert av denne småbrukarsonen som vaks opp på Årebrot, og som 30 år seinare flaug over Manhattan. Det som var med Thor Solberg, er at han tidleg forstod verdien av å nytte teknologien, bilete og film, til å marknadsføre seg, seier forfattaren.

Også Nestegard trur filmen kan vere frå flyginga frå New York til Bergen i 1935.