Hopp til innhold
Unike videoar av flypioner Thor Solberg er funne i eit naust på heimgarden hans. Videoane er truleg frå 1920- og 30-talet. Solberg var første nordmann som i 1935 flaug over Atlanterhavet.

Denne filmen har ingen sett på 75 år

– Det er heilt surrealistisk å finne dei på ein slik måte, seier Ludvig Solberg. I mars i fjor kom han over det som truleg er unike filmar av flypioner Thor Solberg (1893 – 1967) frå Årebrot i Flora.