Thor Solberg fullførde i 1935 den første atlanterhavsflyginga frå USA til Norge, då han tok av i New York og landa i Bergen.
FINNAR: Ludvig Solberg fann filmane under opprydding i naustet på Solberg i Flora.
Foto: Sindre Sunde Tveit / NRKNær 80 år seinare dukka filmklipp frå både førebuinga og turen opp i eit lite naust på Solberg sin heimgard på Årebrot.
– Dei låg i ein kasse med mykje skrot, rustne blikkboksar og slikt. Eg trudde alt var berre søppel, ler Ludvig Solberg.
Første gong på 75 år
Det var han som i mars i fjor kom over dei unike filmrullane. Han kontakta sporenstreks førstekonservator Bjørn Fjellheim ved Kystmuseet i Florø.
HEIMEN: Her vaks flypioner Thor Solberg opp.
Foto: Sindre Sunde Tveit / NRKHan skildrar funnet som det artigaste gjennom sine 27 år som museumsmann. filmane vart sendt til digitalisering hos filmseksjonen ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana.
(Artikkelen held fram under biletet)
LES OGSÅ: Junior vil gjere som faren
– Filmane handlar om flypioner Thor Solberg og atlanterhavsflyginga i 1935. Eg kan ikkje seie 100 prosent sikkert, men eg trur det er eineståande filmar og første gong på 75 år at nokon ser dei, seier Fjellheim.
– Ein moderne mann
– Den er nok laga som ein promoteringsfilm for ekspedisjonen over Atlanterhavet, som er vist og brukt i USA for å skaffe sponsormidlar, seier førstekonservatoren og legg til:
(Artikkelen held fram under videoen)
MANGE STADER: Videoen viser ei lang rekkje stader, men det er uvisst kvar alle er.
Foto: Privat– Solberg var ein moderne mann, og ein internasjonal mann som kom til USA på 1920-talet. Han tok tak i det som var heilt nytt på den gongen. Nettopp dette med marknadsføring og promotering av seg sjølv. Han bygde sitt eige bilete og image før han flaug over Atlanterhavet.
FLYTUR: Fleire sekvensar er filma frå flyet.
Foto: Stillbilete– Kva er den mest spennande sekvensen du har sett?
– Det er tre hovuddelar. Førebuingane i USA er spennande, og så er det fantastiske klipp frå sjølve flyginga. Han mellomlanda fleire stader, mellom anna på Grønland, og der er det fantastiske sekvensar med inuittar i kajakkar.
Kan ha blitt gløymde
– Så er det ein tredje sekvens på Vestlandet, der han mellom anna flyg over Florø og heimgarden Solberg, held Fjellheim fram.
RULLANE: Nokre av filmrullane som vart funne på Årebrot.
Foto: KystmuseetFilmklippa er av veldig god kvalitet til å vere så gamle – og til å ha ligge lagra i eit naust på vesle Årebrot.
- LES OGSÅ: Thor Solberg jr. fekk tårer i augo
– Eg vart forundra over det eg fann og skjønte raskt at dette burde folk som verkeleg har greie på det, få sjå og få restaurert. Det har teke tid, men når eg ser resultatet, så er eg veldig glad for at eg leverte det inn til Kystmuseet og Bjørn Fjellheim, seier finnaren, Ludvig Solberg.
Vart sjokkert
STILLBILETE: Videoen inneheld fleire møte med folk.
Foto: StillbileteSjølv veit han ikkje kvifor filmane vart lagra i naustet. Ein teori er at nitratfilm er svært brannfarleg. Kanskje kan filmane blitt plassert i naustet av den grunn.
– Dei kan ha blitt lagt her og gått i gløymsel. Eg vart i alle fall sjokkert, avsluttar Solberg.