Hopp til innhold

Fann cannabisplantar like ved sjukeheim

Forsøk på å setje folk i god stemning eller organisert kriminalitet? Rett bak sjukeheimen i Kalvåg i Bremanger laga nokon seg eit lite drivhus med cannabisplantar!

Cannabis i Kalvåg

FANGSTEN: Eit lite drivhus i ein bag, fylt opp med cannabisplanter, blei funne i Kalvåg i september. Først no fortel politiet om funnet.

Foto: Politiet

– I september vart dette «drivhuset» med cannabisplanter funne i terrenget eit stykke bak sjukeheimen i Kalvåg. Om nokon har tips om kven som driv «plantasjen», så vil vi i politiet gjerne høyre dei, skriv politiet i Kalvåg på Facebook.

Sogn og Fjordane er eit fylke med generelt små problem med narkotika i høve andre fylke i landet. Difor er det då også oppsiktsvekkande at nokon har gjort forsøk på lage sin eigen vesle «Narcos-farm» i Bremanger.

I lia bak sjukeheimen i turistbygda Kalvåg fann politiet ein stor bag som skulle fungere som drivhus. I bagen fann dei fleire utvaksne cannabisplanter.

Av cannabisplanter kan ein lage både marihuana og hasj. Det er forbode i Noreg, men i fleire andre land har liberaliseringa kome langt.

Funne av jaktlag

Espen Gulliksen, tenestadleiar på Bremanger lensmannskontor, fortel at funnet blei gjort i samband med jakt i området.

– Vi blei tipsa av eit jaktlag som hadde kome over det eg vil kalle for ein bitte liten hasjplantasje eller farm i terrenget utanfor Kalvåg. Det var eit gjennomsiktig telt med hasjplantar, fortel han.

– Funnet vart gjort i september. Kvifor har de ikkje gått ut med informasjonen før?

– Vi har hatt stoffet inne til analyse og venta på svara, og det tek litt tid før dei kjem. No har vi fått svar, og vender oss til publikum for tips om kven som driftar denne vesle farmen, seier han.

Ikkje overraska

Gulliksen seier funnet ikkje er så overraskande.

– Det er ei kjent sak at cannabis er utbreitt i Noreg og i bygdene våre også. At ein gjer eit og anna funn av hasjplantar frå tid til annan, er ikkje overraskande. Men det er klart at det er straffbart, og vi er på jakt etter den som kan ha drive på med det.

– Betyr de at de ikkje blei så overraska over funnet?

– Vi har hatt hasjplantar i Bremanger tidlegare, så dette er ikkje heilt nytt for oss.

Cannabis?

Tidlegare lensmann i Førde og Naustdal, Kjell Fonn, blei rikskjend då han sleit litt med å bruke ordet cannabis etter eit beslag i Førde i 2002.

– Dei seier at ein god latter forlengjer livet. Eg har vel forlenga nokre liv med dette intervjuet, sa ein humrande Fonn til NRK i 2016.

Kjell Fonn høyre på nytt Cannabis-intervjuet

Kjell Fonn høyre på nytt Cannabis-intervjuet