Hopp til innhold

Her må eks-lensmannen le av seg sjølv

– Det er det same kvar gong, humrar Kjell Fonn om intervjuet som best kan skildrast som legendarisk.

Kjell Fonn høyre på nytt Cannabis-intervjuet

SJÅ: Tidlegare lensmann i Førde og Naustdal får igjen høyre intervjuet der han gjorde fleire forsøk på å uttale cannabis. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

– Dei seier at ein god latter forlengar livet. Eg har vel forlenga nokre liv med dette intervjuet, humrar tidlegare lensmann i Førde og Naustdal, Kjell Fonn, på veg inn i studio.

For det som skulle vore ein vanleg arbeidsdag i 2002, vart langt frå det. Det har han merka meir enn ein gong.

For gjere historia kort, Fonn trengde meir enn eitt forsøk på å forklare dåverande NRK-journalist Marion Solheim kva narkotisk plante politiet beslagla under ei ransaking i Førde.

– Det berre stokka seg. Det var ikkje tale om å få det på rett kjøl, ler Kjell Fonn etter å ha høyrt intervjuet på nytt.

Ordet han aldri klarte å uttale, sjølv med hjelp frå journalisten, var cannabis. Eitt av verdas mest nytta rusmiddel - og forbode i Norge.

Fonn angrar nok truleg litt på at han i 2007 gav humorprogrammet Radio Røysi og NRK Sogn og Fjordane lov til å pusse støv av intervjuet. Intevjuet, der han avslutningsvis forsikrar at han «ikkje har ete av plantane», har sidan levd sitt eige liv på internett.

– Eg er klar over at mange har fått seg ein god latter. Men det er jo heilt på trynet, humrar Fonn.