Hopp til innhold

Fann att stolen bil i Jølstravatnet

Ein personbil som blei stolen i natt, er funnen i Jølstravatnet.

Bil i Jølstravatnet

I VATNET: Både politiet og bilberging er på veg til Jølstravatnet.

Foto: NRK-no-tipsar

– Det var forbipasserande som melde om at det stod ein bil i vatnet mellom Skei og Kjøsnes, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.

Det var ingen personar i eller ved bilen då den blei oppdaga. Politiet har vore på staden, og opplyser om at det vil bli gjort kriminaltekniske undersøkingar av bilen over helga.

Det er førebels uvisst kvar den eller dei som har køyrt utfor har teke vegen.

– Vi veit enno ikkje kva som har skjedd. Det ser ikkje ut til at bilen er særleg skadd, seier han.

Airbagane i bilen er ikkje løyste ut. Det går ein slags kjerreveg ned mot vatnet. I natt har det vore frost, og Kolltveit seier det er observert spor etter ein bil på eit jorde rett ovanfor.

– Vi kan enno ikkje seie noko om kva fart bilen har hatt.

Bilen blei stolen i Førde i løpet av natta, og bileigaren varsla politiet i føremiddag.

– Akkurat då kom meldinga om bilen som stod i vatnet. Det viste seg å vere same bilen.

Bil i Jølstravatnet
Foto: NRK.no-tipsar