40 år gamle Naser Salem frå Jordan skildrar si livs krise. I litt over to år har han budd i Førde i lag med den yngste sonen sin på 10 år. Han har heile tida venta på at kona Irina Salem frå Ukraina også skulle komme til Norge saman med eldste sonen på 17 år. I fjor haust vart familien samla igjen, men lukka var kortvarig. I går vart nemleg Irina og sonen henta av politiet for å sendast ut av landet igjen.
Irina er jøde og difor fryktar Naser kva som vil skje om dei flyttar attende til Jordan. Dei kan heller ikkje flytte til Ukraina der dei begge fryktar mafiaen. Og den uavklara familiesituasjonen og saknet etter mora har ført til at yngsteguten har fått psykiske problem. - Han spør heile tida om kvifor politiet har teke mora frå han, seier Naser.
Sender kona til Austerrike
Naser har fått avslag på sin asylsøknad, og dei såkalla Dublinreglane gjer at norske styresmakter no kan velje å sende kona Irina til Austerrike, der ho mellomlanda før ho kom til Norge, for at dei skal handsama asylsøknaden hennar. Men Naser og yngste sonen får ikkje bli med sidan dei alt har fått asylsøknaden sin handsama her i landet, og Austerrike ikkje vil sjå på den.
- Tek for lite menneskelege omsyn
Rune Steen i Norsk organisasjon for asylsøkere seier dette er nok eit bevis på at norske styresmakter tek for lite menneskelege omsyn. - Norge står fritt til å ikkje splitte familien, men prioriterer å få eit par asylsøkjarar raskast mogleg ut av landet. Så får heller familien, og spesielt borna, betale prisen for det, seier Steen
Ingen i UDI eller advokatane til familien har så langt vore tilgjengelege for kommentar.