Politiet seier det er for tidleg å seie noko om brannårsaka, men det er på det reine at det var fyr i ein vedomn då brannen starta. Sonen på 13 var den einaste som var i huset då brannen oppstod. Truleg hindra han at brannen spreidde seg, for han stengde både vindauge og døra før han varsla om brannen.
Kom etter ein halvtime
Dei første mannskapa var på plass om lag ein halv time etter at det byrja å brenne. Då var huset overtent, og i tillegg måtte dei hente vatn frå ei elv fleire hundre meter unna.
Huset stod ikkje til å redde, og brannvesenet måtte berre konsentrere seg om å hindre spreiing. No står familien på berr bakke, og har flytta inn til mora til familiefaren.
Brannmeister Peder Holme rosar innsatsen til 13-åringen. (Foto: Magnar Heimset)