Hopp til innhold

Falsk James Bond dømd

Mannen i 30-åra hevda han heitte James Bond. Men det var ikkje den verdskjende spionen som tok imot politiet heime i Florø i fjor sommar. No er mannen dømd for å oppgje falskt namn.

Det var den 6. juli i fjor at ein politibetjent kom på døra til den tiltalte, i samband med etterforskinga av ei rekkje ordensforstyrringar i Florø. Men då politiet ba mannen seie namnet sitt, hevda den tiltalte at han heitte James Bond.

Seinare trekte han tilbake dette namnet , og hevda at han ikkje hugsa kva han sjølv heitte. No er mannen dømd for å oppgje falskt namn.

- Braut vegtrafikklova

I tillegg er mannen dømd for ei rekkje brot på vegtrafikklova, mellom anna for å ha køyrt utan gyldig førarkort.

Fjordane Tingrett har dømt mannen til 15 dagars fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år. I tillegg må han betale 10.000 kroner.