NRK Meny
Normal

Fall frå cruiseskip i Flåm - nektar for sjølvmordsforsøk

Kvinna som fall i sjøen frå eit cruiseskip i Flåm i Sogn og Fjordane i juli i år, har vakna opp frå koma på eit sjukehus i Torino. Ho nektar for at ho prøvde å ta livet sitt. Italiensk politi mistenkjer no ein mann for drapsforsøk.

Luftambulansen i Flåm

Italiensk politi har starta drapsetterforsking etter at ei kvinne fall frå eit cruiseskip i hamn i Flåm i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Veum / NRK
Bent Tanstad
Journalist

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det var søndag 18 juli i år at det vart slått alarm etter at ei 52 år gammal kvinne fall 30 meter ned i sjøen frå det italienske cruiseskipet «Costa Fortuna», som låg ved hamn i Flåm i Sogn og Fjordane. Politiet sa først at ei «valdshandling» kunne ha vore årsak til fallet, men dei gjekk bort frå denne teorien seint på kvelden same dagen.

Då konkluderte politiet med at det ikkje hadde skjedd noko kriminelt. Kvinna vart flogen til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse etter fallet. Då vart det opplyst at tilstanden hennar var kritisk.

Vakna opp frå koma

I dag melder det italienske nasjonale nyheitsbyrået ANSA at kvinna har vakna opp frå koma på Molinette-sjukehuset i Torino i Italia, dit ho vart overført frå Haukeland. Ifølgje byrået har ho sagt til politiet at det ikkje var snakk om eit sjølvmordsforsøk.

Bergens Tidende skriv at ein mann er sikta for drapsforsøk og at vedkomande var kvinna sitt reisefølgje. Ho reiste saman med kjærasten sin. Ifølgje den italienske avisa Repubblica.it skal mannen har forklart at han var vitne til fallulukka og at han prøvde å redde henne, før han såg henne falle i sjøen.

Politiet i Sogn og Fjordane opplyste like etter fallet at det var observert noko som kunne vere ein valdsepisode mellom kvinna og ein annan person før 52-åringen fall over bord.

Aktor Bjørn Larsen

Politiinspektør Bjørn Frammarsvik Larsen seier at dei skal sende over saksdokumenta til statsadvokaten i Torino.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Politiinspektør i Sogn og Fjordane politidistrikt, Bjørn Frammarsvik Larsen, seier til NRK at statsadvokaten i Torino har bede om å få sendt over etterforskingspapira frå saka for å ta over den vidare etterforskinga. Denne prosessen er i gang, seier han.

Politiet brukte 56 minutt for å komme fram til cruise-ulykka

Sender over dokument

Sidan dei involverte i saka er busette i Italia, og fallet skjedde frå eit italiensk skip, vil det ikkje vere unaturleg at dei overtek saka, meiner Bjørn Larsen. Han fortel at Sogn og Fjordane politidistrikt no vil ferdigstille arbeidet dei har sett i gang, og så vil dokumenta bli sende til statsadvokaten i Torino.

Så vil italienske styresmakter avgjere om det er grunnlag for vidare etterforsking.

Italiensk politi og den italienske kystvakta gjorde det i dag klart, ifølgje ANSA, at dei vil prøve å finne ut kva som skjedde. Det er opna ei drapsetterforsking, men dei seier også at dei ikkje har spesielle spor å gå etter.

Costa Fortuna

Det var søndag 19. juli at ei 52 år gammal italiensk kvinne fall 30 meter ned i sjøen då cruiseskipet «Costa Fortuna» låg ved kai i Flåm.

Foto: Skjermdump frå webkamera / Aurland hamn
bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.
Store skadar etter flaum i Utvik og på Breim
Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.